Tor Inge Romøren og Magne Arve Flaten er frå januar 2010 tilsett i 20 % stilling som professor II ved Avdeling for helsefag.
Professor Tor Inge Romøren er lege og sosiolog med aldersforsking som spesialområde. Romøren er dr.philos i fagfeltet gerontologi og har arbeidd som forskar sidan 1986. Han er til dagleg tilsett som professor ved Høgskolen i Gjøvik ved Senter for omsorgsforsking. Romøren har internasjonal erfaring som førelesar og gjesteforskar, han har og alsidig erfaring frå administrativ drft og utgreiingsarbeid i ulike organ. Han kan vise til ei publikasjonsliste på nærare 130 arbeid med vitskaplege artiklar, bøker, bokkapittel og populærvitskalpege bidrag.
Magne Arve Flaten er professor og instituttleiar ved Institutt for psykologi ved Universitetet i Tromsø. Flaten vart dr. psychol i 1990 ved Universitetet i Bergen. Han har arbeidd ved Universitetet i Tromsø sidan 1990 og vart professor i biologisk psykologi i 1994. Flaten har brei internasjonal erfaring frå gjesteopphald som forskar i USA og kan vise til eit stort forskingssamarbeid med andre institusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Han har publisert artiklar i 26 tidsskrift og fått tildelt fleire forskingsprisar. Han har og vore opponent ved fire disputasar. Flaten har administrativ erfaring frå ulike komiitear og utval, mellom anna frå NOKUT sin komité for akkreditering av ph.d.-program i åtferdsanalyse.
Sist endra: 25. februar 2010 09:40:10