Liv Norunn Hamre og Inger Auestad, stipendiatar ved AIN, har saman med rettleiarar og samarbeidspartnarar i løpet av det siste halvåret publisert kvar sin artikkel i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift
For dei to stipendiatene har det har vore spennande og lærerike prosesser fram mot akseptering av arbeida, som begge er baserte på feltstudiar av kulturmarker i Sogn og Fjordane.
I artikkelen Land-cover and structural changes in a western Norwegian cultural landscape since 1865, based on an old cadastral map and a field survey (trykt i Landscape ecology), skriv Liv Norunn Hamre, Stein Tage Domaas, Ingvild Austad og Knut Rydgren om landskaps- og strukturendringar i kulturlandskapet rundt Urnes stavkyrkje frå utskiftninga i 1865 og fram til i dag. Urnes stavkyrkje er Noregs eldste stavkyrkje og står på UNESCO si verdsarvliste, og har derfor hatt stort fokus. I dette arbeidet er fokuset flytta til landskapet rundt kyrkja, som også er ein viktig faktor for opplevinga av området. Det vert presenterer ein ny metode for transformering av gamle utskiftingskart til dagens kartsystem, slik at ein kan samanlikne areal og strukturar før moderniseringa av kulturlandskapet med slik det er i dag.
Inger Auestad, Knut Rydgren og Rune H. Økland skriv i sin artikkel Scale-dependence of vegetation-ecological relationships in semi-natural grasslands (trykt i Journal of Vegetation Science) om variasjonen i plantelivet i grasmark, med utgangspunkt i studiar av vegetasjon i beitemark og artsrike vegkantar i Lærdal. Metodiske tilhøve har stor effekt på kva vegetasjons-økologiske samanhenger som kan identifiserast. I artikkelen vert det også introdusert nye statistiske analysemetodar for ’nesta’ studiedesign, som er svært vanlege i slike studiar.
Begge desse publikasjonane er gode eksempel på at lokalbaserte studiar kan gje resultat som er interessante, ikkje bare i nasjonal, men også i internasjonal målestokk.
Dersom du vil lese meir om dette, finst artiklane her (Hamre & al. 2007) og her (Auestad & al. 2008).
Sist endra: 11. april 2008 10:42:43