Som eit ledd i forskingsdagane 2008 ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vitja førsteamanuensis Roger Hestholm og førstelektor Gunnar Jørgensen Sogndal vidaregåande skule i dag.
Hestholm og Jørgensen møtte elevgrupper frå andre året på allmennfaglinjene og elevar frå yrkesfaglege linjer som tok påbygging. Om lag halvdelen av desse har i dag samfunnsfag/sosiologi som fag.
Roger Hestholm gav ei generell orientering om faget sosiologi, særskilt knytt til forståinga av sosiale grupper og klassar. Han gjorde også greie for høgare utdanning som grunnlag for skapinga av middelklassen i moderne samfunn. Elevane fekk også innblikk i Hestholm si eiga forsking om kunnskap og kultur i den norske middelklassen.
Gunnar Jørgensen tok føre seg gruppedanningsprosessar slik ein kan finne dei i ulike lokalsamfunn. Med utgangspunkt i eiga forsking fortalde han om det varierte grunnlaget for marginaliseringsprosessar og spenningar mellom ungdomsgrupper i slike samfunn. Også her kan klassetilhøyr vere ein nøkkel til å forstå både opne og skjulte samfunnskonfliktar.
Det var ei oppmerksam forsamling som lytta og stilte spørsmål til fagpersonane frå Høgskulen. HSF håper med dette å bidra til nysgjerrigheit og interesse for sosiologi som fag, eit fag ein kan studere i Sogndal, som års- eller bachelorstudium.
Sist endra: 24. september 2008 15:06:23