For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Søkje opprykk til stilling som dosent?

I 2003 vart det innført ei ny stilling som undervisningsdosent. No heiter stillinga dosent. Og det er mogleg å søkje om opprykk frå stilling som førstelektor til stilling som dosent.

Då den nye stillinga som undervisningsdosent vart oppretta i 2003, gjorde det dåverande Arbeids- og administrasjonsdepartementet og hovudsamanslutningane ein avtale om at det ikkje skulle vere opprykksordning til denne stillinga. Men ved dei sentrale lønnsforhandlingane i 2006 vart det bestemt at det skulle innførast ei ordning med opprykk frå førstelektor til dosent. Samtidig vart nemninga "undervisningsdosent" endra til "dosent".

I juni 2007 vart det så gjort ei endring i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger. I paragraf 2-2 i denne forskrifta er det fastsett eit særskilt regelverk for "Framgangsmåte og kriterier for opprykk fra stilling som førstelektor til stilling som dosent".

Regelverket liknar mykje på tilsvarande ordning for opprykk til professor, men skil seg frå denne ordninga særleg på to punkt: Det skal ikkje vere nasjonale bedømmingskomitear, og fordi ansvaret for søknadsbehandling vert lagt til institusjonen der den enkelte søkjar arbeider, er det heller ingen felles søknadsdato eller opprykksdato. Her gjeld tilsvarande reglar som for opprykk til førstestillingar. Ein kan altså søkje om opprykk til stilling som dosent over heile året, medan det for opprykk til professor er éin årleg søknadsfrist 15. september.

Paragraf 2-2 i forskrifta gir altså detaljerte reglar for framgangsmåte ved søknad om opprykk. Universitets- og høgskulerådet har dessutan laga eigne "veiledende retningslinjer" for søknad og vurdering.

Dei som vurderer å søkje om opprykk, må òg sjå nærmare på "kriterier for ansettelse i stilling som dosent" (par. 1-3 i forskrifta).

Ta deg gjerne ein liten prat med fou-leiar Arnestad om du tenkjer på å søkje dosentopprykk.


Sist endra: 16. januar 2008 07:51:03