For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Smakebitar frå forskingsdagen

Kirsten Flaten er ein av fleire som presenterar si forsking.
Kirsten Flaten er ein av fleire som presenterar si forsking.

Her kan du få ein forsmak på kva som skjer under forskningsdagen ved Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane 26. september.

10-15 prosent av befolkningen slit med sterk sjenanse og sosial angst. Spesialpedagog Kirsten Flaten har studert born og unge som slit med dette problemet. På Forskingsdagen 26. september vil ho fortelje om kva ho fann ut og korleis ein kan byggje opp sjølvtilliten gjennom gruppebehandling.

Kikholskirurgi – Førde i front!

Visste du at Helse Førde er i landstoppen vedrørande kikholskirurgi? (laparoskopi)

Fagmiljøet ved Førde sentralsjukehus har gjort forsking på opplæring innanfor dette området. Dette har ført til at det vert arrangert nasjonale kurs i kikholskirurgi for legar ved Førde sentralsjukehus.

Kikholskirurgi gjer at pasientar får mindre smerter og ubehag etter operasjonar og såleis oftast kort sjukmeldingstid.

På Forskingsdagen 26. september vil overlegane Jostein Tjugum, Tom Guldhav og Villy Våge informere om undervising og bruk av kikholskirurgi.

Offisiell opning av Senter for helseforsking

26. september vert det offisiell opning av Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane. Senteret er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Målet er å styrke forsking og utvikling innan helsetenesta i Sogn og Fjordane.
Den offiseille opninga skjer i samband med Forskingsdagen som vert arrangert ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde denne dagen.

Programmet startar klokka 10.20. Åse Løkeland, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde og Odd Søreide, fagdirektør i Helse Vest, vil stå for den offisielle opninga.

Heimeside: Senter for helseforsking

Program for forskningsdagen 26. september finn du her.

Å leve med kols

I Noreg lever om lag sju prosent av innbyggjarane med kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS). Sjukdommen medfører for mange store plager i kvardagen, og den kan gi vesentleg reduksjon i livskvalitet også i milde stadium. Sosial isolasjon, psykisk stress, angst og depresjon er vanleg, og for mange fører sjukdommen til funksjonshemming og tidleg død.

KOLS kan ikkje kurerast, men utviklinga kan påverkast av lungerehabilitering og av pasientane si eigenbehandling.

Mange personar som har sjukdommen KOLS har eit udekka behov for læring, støtte og oppfølging. Deltaking i rehabilitering kan i stor grad møte desse behova. Likevel har fleire eit udekka behov for vidare oppfølging og støtte. Det syner funn frå ein studie som Anne-Grethe Halding ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd. for helsefag, har utført. Ho presenterer studien på Forskingsdagen.

Kontaktperson: Marit Solheim tlf. 400 46 114.


Sist endra: 22. september 2008 08:22:05