For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Saman for betre forsking på Vestlandet

Georg Arnestad frå Solstrand Hotell (foto: Håkon Nordvik og Åshild Stava).
Georg Arnestad frå Solstrand Hotell (foto: Håkon Nordvik og Åshild Stava).

80 tilsette frå institusjonane i UH-nett Vest deltok på nettverkets første forskarsymposium 16. - 17. mars på Solstrand Hotell.

Her følgjer eit kort samandrag referert frå UH-nett Vest sin nettstad. Styreleiar Sigmund Grønmo peika på hensikta og forventningane til symposiet innleiingsvis:

- Det er lagt ned eit stort arbeid med å identifisere eksisterande forskingsrelasjonar og nettverk mellom dei ulike institusjonane. No går vi i UH-nett Vest over i ein ny fase med følgjande strategiar:

  • Bringe saman forskarar frå dei ulike institusjonane
  • Vidareutvikle og styrke dei eksisterande relasjonane
  • Breiare erfaringsutveksling som inspirasjon til nye relasjonar på eksisterande og på nye områder

- Målet vårt er betre søknadar og meir finansiering, slik at vi får fleire prosjekt og betre forsking. Av den grunn er samarbeid på tvers i nettverket viktig, poengterte Grønmo.

FoU-leiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Georg Arnestad (biletet), la på vegne av arbeidsgruppa for forskingssamarbeid fram anbefalingar om framtidige kriterier for insentivordningar i UN-nett Vest.

Heile artikkelen "Sammen for bedre forskning på Vestlandet" kan du lese på UH-nett Vest sin nettstad her.


Sist endra: 18. mars 2009 08:26:19