Tysdag 29. september gjekk den niande rettleiingskonferansen i rekkja av stabelen i Førde. I matpausen var det duka for bokslepp av den fjerde boka til Rettleiarnettverket.
Jorunn Bakke Nydal, Jose Fernandez og Ove Mjåtveit sørga for stemningsfull opning av konferansen. |
|
|
Med 90 lyttande tilhøyrarar fanga Anne Marie Aubert merksemda med ei interessant førelesing om Kollegarettleiing som læringsarena. ”Sårbarhet og anerkjennelse som ressurs i utvikling av profesjonell relasjonskompetanse,” var ei av hovedtesene ho bygde si forelesing på. Ho gav oss innblikk i korleis relasjonar er, og vidare korleis kollegarettleiing kan gjerast og erfarast. Aubert er førstelektor ved Høgskulen i Lillehammer. |
|
|
|
|
|
Marianne Hoff og Brit-Marie Follevåg kunne nøgde konstatere at den nye årboka vart reven bort av kjøpelystne rettleiarar. Det viser at rettleiing og Rettleiarnettverket femnar på tvers av sektorar og profesjonar. |
I matpausen var det bokslepp av Årboka for 2009 med mange av forfattarane til stades. Boka har eit mangfald av artiklar skrive av fagfolk med kritisk blikk på eigen rettleiingspraksis både i akademia og med røter i praksis. Formålet med Årboka er å vere med og styrke fagleg rettleiing både i privat og offentleg sektor. |
|
Parallellsesjonane
gav deltakarane ulike spennande og nyttige input til sin kvardag. |
|
|
|
|
Førelesingane er lagt ut på heimesida til Rettleiarnettverket |
|
Sist endra: 07. oktober 2009 13:26:49