For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Registrer forskingsresultat i Cristin!

Det nærmar seg tida då alle publikasjonar og andre forskingsresultat skal vere registrert i Cristin. Finn ut meir om korleis du gjer det!

Alle tilsette har ansvar for at publikasjonar og anna resultat av forsking vert registrert i Cristin. Det er lurt å gjera dette fortløpande. Registreringane i Cristin ligg til grunn for institusjonen si årlege rapportering av vitskapleg forskingsresultat til Kunnskapsdepartementet. I fjor fekk vi 38,7 publikasjonspoeng, og vi håpar sjølvsagt på endå betre resultat i år.

Biblioteket si informasjonsside om pålogging til Cristin finn du her.

Dersom du ikkje kjem inn via Feide-pålogging, du brukar ditt vanlege brukarnamn og passord, må du kontakte biblioteket Lise Vik-Haugen eller Astrid Sandnes. Spør oss gjerne om hjelp og rettleiing.

Det oppstod mange problem ved konverteringa frå ForskDok til Cristin i februar 2011. Det fleste feila skal no vera retta opp, men i postar frå før 2004 kan det framleis vera mange feil. Det er lite truleg at Cristin-sekretariatet greier å rette opp alt. Derfor oppmodar me tilsette om å rette opp eigne postar, eller kontakte biblioteket for hjelp.


Sist endra: 11. oktober 2011 10:27:25