For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Nedgang i publiseringspoeng i 2008

Nedgangen i publiseringspoeng og NFR-midlar i 2008 inneber ei redusert fou-løyving i 2010 for HSF på ca. kr 550.000 samanlikna med årets løyving.

HSF hadde ein nedgang i talet på publiseringspoeng frå 28,8 i i 2007 til 20,6 i 2008. Talet på teljande vitskapelege publikasjonar var 27 mot 35 i 2007. Avdeling for samfunnsfag hadde ein gledeleg vekst i publiseringspoeng frå 1,9 (2007) til 8,7 (2008). Ved dei fire andre avdelingane var det tilbakegang. Dei endelege tala for 2008 finn du her. Lista over kven som skaffa oss publiseringspoeng, finn du her.

Eitt publiseringspoeng er for 2009 verd kr 38.540 i løyving frå departementet. Nedgangen i publiseringspoeng i 2008 vil medføre ein reduksjon av fou-løyvinga til HSF i 2010 på ca. kr 320.000 (samanlikna med 2009). Her kan du òg finn du ut kva for tidsskrift o.l. som vil gi publiseringspoeng.

Midlar frå NFR og EU

Fou-løyvinga vår er også avhengig av kor mykje midlar vi årleg får frå Noregs forskingsråd. I 2007 hadde vi 4,8 mill. kroner i NFR-inntekter. I 2008 var dette beløpet redusert til 3,2 mill. kroner. Dette inneber ein reduksjon av fou-løyvinga vår i 2010 på rundt kr 225.000 (samanlikna med 2009).

Fou-løyvinga er også avhengig av forskingsmidlar frå EU. HSF hadde, til liks med dei fleste høgskulane, ikkje slike midlar korkje i 2007 eller i 2008.

Kva er det som gir poeng?

Fou-leiar Arnestad har laga eit lite notat som illustrerer utviklinga. Notatet gir òg ei enkel innføring i systemet med publiseringspoeng: kva gir publiseringspoeng og kor mykje, korleis skal dei eventuelt delast, korleis finn eg fram til dei aktuelle tidsskrift og forlag osv.


Sist endra: 03. august 2010 13:02:42