HSF har så langt vore mellom dei fremste høgskulane når det gjeld vitskapleg publisering. Men kan vi halde plassen?
Ordninga med publiseringspoeng for universitet og høgskular vart innført i 2004. Så langt har HSF hevda seg godt. Noko også vår kjære fylkesmann Oddvar Flæte trekte fram under si helsingstale til avtroppande rektor Thaule i samband med styremiddagen i Førde 20. juni.
Ordninga har vore noko omstridd. Men det ser ut som ho er i ferd med å få aksept. Og ordninga er truleg komen for å bli. Systemet har skapt større interesse for publisering, og for korleis vi bør organisere, oppmuntre og leie forsking. Slik også ved HSF.
UHR skipa i mai til ein konferanse om systemet. "Penger for publikasjoner", heitte konferansen. Alle innlegga finn du her. Sjå særleg foredraget til Ole Gjølberg, leiar i publiseringsutvalet til UHR. Og sjå gjerne litt på dei siste innlegga under konferansen. Desse handlar om open publisering og publisering i opne arkiv. Dette er tema for HSF sin fagdag fredag 21 september.
Sist endra: 27. juni 2007 12:54:02