For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Ønskjer du å dele kunnskapen din med andre?

Har du et prosjekt du ønskjer å presentere? Har du ein fagleg bodskap du meiner bør komme fleire til gode?

Det vert invitert til posterpresentasjon (plakatframsyning) av forskingsprosjekt, andre prosjekt knytt til forbetring og utvikling, presentasjon av bacheloroppgåver eller anna fagleg arbeid. Det kan vere prosjekt under arbeid, ferdige arbeid, eller prosjekt i ide/planleggingsfasen. Vi ønskjer gjerne presentasjonar som tidligare har vore viste i andre samanhengar, på nasjonale eller internasjonale konferansar.
Presentasjonen er ein del av Forskingsdagen til Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd. for helsefag 26. september. Program: Forskingsdagen

Kva er ein poster/plakat
Ein poster er ein plakat der ein kan presentere prosjekt, resultat eller idear på en enkel visuell måte. Posterpresentasjon er ei effektiv kommunikasjonsform som gjev eit godt høve for presentasjon og diskusjon av eige prosjekt, å få innspel og å finne aktuelle samarbeidspartnarar. Posteren skal monterast på vegger eller stativ, og skal vere godt synleg for deltakarar og andre.
Meir informasjon om poster: Poster Presentation of Research Work eller Creating medical poster presentations

Storleik, praktisk informasjon

Mellom breidde 60 cm x høgde 90 cm og breidde 90 cm x høgde 120 cm. Stivt papir eller laminert papir.

Nærare informasjon om stad for opphenging av poster med meir vert gitt etter påmelding. Frå ca 12.30-13.15 på Forskingsdagen 26. september skal du vere tilgjengeleg ved posteren for å svare på spørsmål, tilby meir detaljert informasjon osb. Posteren vil henge oppe nokre dagar i lokala til Førde sentralsjukehus og Høgskulen, avdeling for helsefag.

Ønskjer du å få rettleiing i prosessen med å lage poster? Tilbod om workshop her:

Påmelding

Påmelding skal sendast til olav.aaraas@helse-forde.no innan 15. september. Saman med påmeldinga sender du inn tittel/overskrift, samandrag på ca ei halv side og storleik på posten din.


Sist endra: 02. september 2008 11:42:30