Førstelektor Knut Roald ved Avdeling for lærarutdanning og idrett er bidragsytar til boka ”Ansvarlighet i skolen: Politiske spørsmål og pedagogiske svar”.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har dei siste fire åra deltatt i eit omfattande forskingsprosjekt om kvalitetsarbeid i skulen. Knut Roald har vore HSF sin representant i prosjektet som er finansiert av Noregs Forskingsråd. Rapporten frå forskingsprosjektet ligg no føre i den nye boka: ”Ansvarlighet i skolen: Politiske spørsmål og pedagogiske svar”.
Nasjonale og internasjonale trendar
Knut Roald fortel at boka analyserer nasjonale og internasjonale utviklingstrekk i styring av skolar. Den auka framveksten av ulike testsystem står sentralt i denne diskusjonen. Tradisjonelt har norsk skule blitt styrt gjennom nasjonale lovverk og læreplanar som det har vore brei politisk semje om. I aukande grad synest det no å vere internasjonale standardar som set dagsorden. Marknadsliberale forståingsmåtar trer sterkare fram enn den breie danningsforståinga som har prega opplæringa i Norden gjennom fleire generasjonar.
Fokus på kvalitet
Forskingsprosjektet har studert kvalitetsarbeidet på både skole- og kommunenivå, og ikkje minst blir samspelet mellom desse to nivåa diskutert. Det kjem fram at både kommunar og skolar møter den nye styringslogikken på svært ulike måtar. I enkelte kommunar har auka tilgang til testsystem og resultatsamanlikningar ført til auka konstruktivt samarbeid mellom profesjon, administrasjon og politikarar. I andre kommunar skjer det motsette når den auka tilgangen på data heller resulterer i det som internasjonal faglitteratur kallar ”The Blame Game”. Noko av det mest interessante i den nye boka, er truleg kapitla om korleis kvalitetsarbeidet blir bygd opp på konstruktive måtar i enkelte kommuner.
”Ansvarlighet i skolen: Politiske spørsmål og pedagogiske svar” er utgitt på Cappelen Akademisk Forlag. Meir om medforfattarar, innhaldsliste og bokomtalen kan du lese her
Nytt stort FOU-prosjekt
Som ei frukt av dette forskingsasrbeidet, er no Knut Roald engasjert i eit nytt FoU-prosjekt som Kommunenes Sentralforbund har sett i gang. Her skal Høgskulen i Sogn og Fjordane saman med Universitetet i Tromsø og PricewaterhouseCoopers sjå på korleis norske kommunar kan styrke sin funksjon ”skuleeigarar” – m.a. ord korleis kommunane kan bli endå betre til å initiere, kontrollere og støtte utvikling ved skolane sine.
Sist endra: 03. oktober 2008 15:19:53