For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Nytt frå fou-utvalet

Professor Oddbjørn Bukve har sagt seg villig til å halde fram som leiar av fou-utvalet

Fou-utvalet hadde sitt siste møte torsdag 14 juni, og godkjende då utviklingsplanar for tre forskingsområde.

Dette gjeld følgjande utviklingsplanar:

1. Plan for fou-arbeid knytt til læring (ALI)

2. Fou-plan for klinisk helseforsking (AHF)

3. Strategiplan for profesjonsforsking (ASF)

Fou-utvalet ber om at det no snarast vert peikt ut forskingsleiarar for dei tre forskingsområda og oppretta formelle forskingsgrupper. Det skal òg etablerast eit eige forskingsforum for leiarane av dei fem forskingsgruppene ved HSF og fellesgrupper HSF/VF.

Utvalet fekk seg òg førelagt ein revidert rapport om Lokalforskingsprogrammet. Utvalet ser behovet for at HSF har ein slik fri pott til fou-prosjekt, og vil ta denne saka opp under budsjettførebuinga til hausten. Utvalet vil då også ha ein full gjennomgang og drøfting av fou-finansieringa til høgskulen saman med rektor og nestleiar.

Oddbjørn Bukve som har leia fou-utvalet siste året, har sagt seg villig til å vere leiar for utvalet også neste periode (2007-2011). Styret skal nemne opp nytt fou-utval på møtet 21. juni.

Referatet finn du her og sakspapira her.


Sist endra: 23. juni 2007 14:10:01