For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fou-utvalet med stor aktivitet

Fou-utvalet har hatt to aktive månader i mars og april, og vedteke både handlingsplan og opplegg for ein utoverretta Fagdag i september. Dessutan har utvalet arbeidd vidare med temaet fou-informert og fou-basert undervisning.

Det sentrale fou-utvalet ved HSF har hatt møte både i mars og i april. Det har vore to møte med god deltaking og konstruktive diskusjonar.

Utvalet har bestemt at HSF sin fagdag i haust skal vere fredag 19 september. På denne dagen legg vi opp til ei brei mønstring av fou-arbeidet ved høgskulen med fleire parallelle utoverretta seminar med presentasjonar og innleiingar. Vi får same dagen også besøk av adm. dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet. Dei fem avdelingsrepresentantane i fou-utvalet er saman med fou-leiar ansvarlege for planlegginga av denne dagen pluss koplinga til Forskingsdagane.

Fou-basert undervisning

Etter initiativ frå studentrepresentantane har fou-utvalet også drøfta HSF sitt vidare arbeid med fou-informert og fou-basert undervisning. Leiaren i Studieutvalet var òg med på drøftinga. Fou-utvalet oppmodar studieutvalet om å lage ei sjekkliste for korleis ein skal vurdere om studium og studieplanar ved HSF tilfredsstiller krav til forskingsinformert og forskingbasert undervisning. Fou-utvalet vil hjelpe til med dette.

Fou-utvalet har vedteke at dei resterande midlane (kr 150.000) som styret tidlegare har sett av til førstelektorstipend, skal lysast ut som individuelle stipend, og ikkje tildelast avdelingane. Utvalet har òg på grunnlag av eit notat frå sekretæren drøfta ulike sider ved førstelektorkvalifisering ved HSF.

Utvalet har elles for første gang laga seg eit årshjul og ein strategisk plan for arbeidet. Det gjeld heile perioden 2008-2011. Det er laga tiltaksplan for 2008. Det vil verte laga slika planar for kvart studieår framover.

Stipendiatar

Fou-utvalet har ansvaret for arbeidet med å lage utlysingstekstar til den ledige stipendiatstillinga i profesjonsforsking og til den opne stipendiatstillinga. Begge desse stillingane er no lyste ut. Vi vonar at det kjem godt med gode søkjarar til begge stillingane.

Rektor har no bestemt at det vert sett av ein 20 pst. stillingsressurs til leiing av fou-utvalet ved HSF. Dermed har vi fått likestilling mellom studie- og fou-utval når det gjeld leiingsressursar.

Utvalet har kort drøfta den nye NIFUSTEP-rapporten om "Fou-strategi ved statlige høgskoler". Denne rapporten vil utvalet leggje til grunn for drøftingar av fou-strategiar på junimøtet.

I løpet av den nærmaste tida vert det skipa til kurs i kronikkskriving og ei samling for doktorgradsstudentar. Til hausten vil det verte laga ei samling for dei som arbeider med førstelektoropprykk.

Møtereferat

Referat frå fou-utvalsmøtet 14 mars finn du her. Referat frå møtet 14. april finn du her.

Neste møte i fou-utvalet er måndag 9. juni. Då står mellom anna strategirevisjon, handlingsplan og årsrapportar og eigenevalueringar frå forskingsgruppene på dagsorden.


Sist endra: 22. april 2008 09:01:48