For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Maktar vi å utnytte våre komparative fordelar?

Fou-utvalet meiner at vi må verte betre til å utnytte våre komparative fordelar, også når det gjeld forsking. Det trengst dessutan meir fleksibilitet og større "slakk" i organisasjonen.

Midtvegsrevisjon av fou-strategien ved HSF var hovudsaka på siste møte i fou-utvalet. Eit engasjert utval, supplert med rektor, hadde ein fyldig diskusjon av saka. Utvalet var samstemt om at våre obligastoriske kjerneområde og kjernekompetanse må liggje i botnen, men at vi i sterkare grad enn hittil må klare å utnytte dei komparative fordelane våre. Dvs. fagområde der vi relativt sett har mykje å fare med, og der det er minst avstand til dei beste.

Utvalet drøfta også endringar av fou-delen av ressursfordelingsmodellen, og ønskjer her ei sterkare vekt på oppnådde fou-resultat. Utvalet gjekk elles inn for at det vert innført bindingstid for tilsette ved HSF som får permisjon frå fast fagstilling for å arbeide som doktorgradstipendiat ved Høgskulen.

Her finn du heile det fyldige referatet frå møtet i fou-utvalet.


Sist endra: 11. september 2008 15:11:14