HSF skal markere Forskingsdagane 2007. Publisering og "Open Access" vert tema for Fagdagen.
På møtet i fou-utvalet 9. mars vart det bestemt at HSF skal markere Forskingsdagane med mellom anna to heildagsseminar; eitt med fornybar energi som tema og eitt med polaråret som tema. Nasjonalt er polaråret og globalisering hovudtema for Forskingsdagane 2007 i perioden 21-30 september. Tema for HSF sin Fagdag fredag 21. september vert informasjonssøking, Open Access og nye publiseringsformer. Det gode biblioteket vårt vert her ein sentral aktør i førebuing og gjennomføring av dagen.
Fou-utvalet fekk seg elles førelagt ei lita evaluering av Lokalforskingsprogrammet (LFP), basert m.a. på innhenting av informasjon frå dei som fekk LFP-midlar i 2004-2005. Utvalet ønskte at alle som har fått midlar frå LFP desse to åra skulle svare på spørsmåla om bruken og nytten av midlane, og at det i tillegg skal lagast eit oversyn over korleis avdelingane i dag tildeler fou-ressursar. Fou-utvalet vil så trekkje sine endelege konklusjonar på møtet i juni.
Fullstendig referat frå møtet i fou-utvalet finn du her.
Den førebelse oppsummeringa av Lokalforskingsprogrammet er tilgjengeleg her.
Sist endra: 23. mars 2007 15:26:03