Det var møte i fou-utvalet fredag 14. desember. Same dag vart også eit nytt organ, fou-forum ved HSF, etablert.
Det siste fou-utvalsmøtet i 2007 drøfta utkast til både strategisk plan, handlingsplan og årshul for arbeidet i fou-utvalet. Planane vil verte endeleg vedtekne på utvalets første møte i 2008. Bente Karin Husabø frå PØA presenterte på møtet utkast til eit nytt rapporterings- og prosjektstyringsverktøy. Mange har sakna eit slikt verktøy. Fou-utvalet såg veldig positivt på og gav ros til arbeidet som no er sett i gang.
Utvalet kom elles med tilråding til disponering av strategiske fou-midlar for 2008, og til fordeling av to stipendiatstillingar. Utvalet slutta seg her til rektors framlegg til vedtak. Det betyr at den eine stipendiatstillinga vert tildelt fagområdet "profesjonsforsking", mens den andre vert lyst ut som ei open stilling. Fou-utvalet vil spele ei viktig rolle når det gjeld klargjering og utlysing av stillingane, og med å leggje til rette for vurdering av søkjarane. Jf. elles referat frå og sakspapir til møtet.
Det aller første møtet i fou-forum for HSF hadde 16 deltakarar. Samlinga var prega av erfaringsutveksling og drøftingar av forumets rolle og oppgåver. Forumet var elles særleg oppteke av doktorgradsutdanning og anna kvalifiseringsarbeid. Mellom anna vart problemet med at det tek lang tid for mange stipendiatar å få plass på doktorgradsutdanningar, drøfta. Jf. elles oppsummeringa frå møtet.
Sist endra: 11. januar 2008 11:55:52