Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde ønskjer å gå nye vegar for å auke aktivitet, kvalitet og samarbeid innan helseforsking, Marit Solheim vert leiar for det nyetablerte senteret.
Målet er å styrke forsking og utvikling innan helsetenesta i Sogn og Fjordane gjennom å etablere eit felles forskingssenter, Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane. Senteret vert offisielt opna 26. september -08. Senteret skal bidra til å auke omfanget av helsefagleg og medisinsk forskings- og utviklingsarbeid og helsetenesteforsking og utviklingsarbeid, og samordne og utvikle denne aktiviteten. Arbeidet skal vere innan nasjonale og regionale prioriterte område, men også utviklingsområde som er særskilt knytt til lokale forhold i Sogn og Fjordane.
-Vi får ta eit steg i gangen i ein langsiktig strategi. Det er engasjement og vilje i begge organisasjonane til å nå desse måla, seier Solheim i ein kommentar.
Konkurransedyktige innan forsking- og utviklingsarbeid
Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane skal vidare bidra til å at Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane fagleg er konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt når det gjeld eksternt finansiert FoU-verksemd, og kvalitet på denne verksemda. Ein auka FoU-aktivitet vil også bidra til å gjere institusjonane fagleg meir attraktive. Senteret skal aktivt medverke i prosjektutvikling og søknadskriving, og bidra til å utvikle støttefunksjonar og tilbod for å auke FoU-kompetansen. Ein skal vidare fremje samarbeid med og dra nytte av kompetansemiljø institusjonane har tilgang til via avtalar og nettverk, til dømes i Helse Vest.
Samordningsgruppe i dei to organisasjonane
Det nye senteret er inga eiga organisatorisk eining, og både samarbeidet og arbeidet elles skjer innanfor dei formelle rammene for drift i dei to organisasjonane. Leiar for senteret rapporterer til både helseføretaket og høgskulen. Det skal etablerast ei samordningsgruppe der mellom anna dekan ved avdeling for helsefag og fagdirektør i Helse Førde er medlemer. Gruppa skal ha fokus på å auke samarbeid, aktivitet og kvalitet på forskinga. – Dette gjev nye mogelegheiter for begge organisasjonane, og saman kan vi bli betre enn kvar for oss, avsluttar Solheim.
Marit Solheim får med seg ein førstekonsulent i full stilling og to forskingskoordinatorar i 20 % stillingstorleik som er knytt til kvar sin institusjon. I tillegg får ho med på laget ei professor II – stilling i 20 % stilling.
Les meir om opninga av Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane her.
Sist endra: 27. august 2008 16:10:16