For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Leiaren av fou-utvalet bra fornøgd med forskingsdagen i Sogndal

Leiar av Forskingsrådet Arvid Hallén t.v. saman med rektor Åse Løkeland og leiar av fou-utvalet ved HSF Oddbjørn Bukve
Leiar av Forskingsrådet Arvid Hallén t.v. saman med rektor Åse Løkeland og leiar av fou-utvalet ved HSF Oddbjørn Bukve

Viktigaste målet var å synleggjere breidda i forskingsaktiviteten vår gjennom media.

I så måte kan vi vere nokon lunde fornøgde, seier leiar av fou-utvalet Oddbjørn Bukve.

Ei stor utfordring å formidle til heile fylket

Fou-utvalet med Oddbjørn Bukve i spissen hadde eit ønske om å få fortalt folk i fylket om den store breidda i forskingsaktivitet gjennom tilskipingane i regi av Forskingsdagane dette året. Alt i alt skal fjorten ulike fou-område presenterast. Sju seminar gjekk parallelt i Sogndal fredag. Seks nye går i Førde kommande fredag, medan profesjonsforskinga får ein heil dag åleine 9. oktober.

- I eit slikt fylke som Sogn og Fjordane der folk bur spreidd over eit stort geografisk område, må vi satse på media for å nå ut. Vi kan ikkje greie å trekkje folk frå alle delane av fylket til eit tre timars seminar.

Fornøgde eksterne deltakarar

På sesjonen Kultur, skule og fritid møtte to tilsette ved PPT-kontoret i Sogndal på innlegget til høgskulelektor Torkjell Sollesnes om Korleis hanskast med problemåtferd i skulen?

Anne Beate Fardal (t.h.) og
Marit Irene Uglum ved PPT-kontoret
for Sogneregionen var
heilt klare i si tilbakemelding:
Dette var midt i blinken for oss.

- Vi såg annonsen i avisa, seier dei to damene, og så gjekk vi på nettet og printa ut programmet. Der kryssa vi av det vi ville gå på. Vi fann aktuelle og spennande tema som angår oss i kvardagen.

- Det er jo interessant for oss å sjå og oppdatere oss om kva som skjer på forskingsfronten. Vi tenkte at det kanskje ville vere folk frå grunnskulen også som høyrde på, men dei slepp vel ikkje så lett i frå. Då må dei i alle fall få vite om det i god tid på førehand. For oss var det rett og slett tilfeldig at det passa.

Hvis ikkje forskinga og høgskulen skal leve i si verd, så må dei komme ut til folk på denne måten, var bodskapen frå Fardal og Uglum.

Populært tema: Regional styring og utvikling

På sesjonen Regional styring og utvikling, var det enno fleire eksterne deltakarar, godt over ti på eit tidspunkt.

Dette er ein nødvendig arena å vere på, sa fylkesvaraordførar Tor Bremer, og Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane var heilt einig.

- Det er både hyggelig og nødvendig å delta på samlingar som dette. Stadig meir av beslutningane som vert tekne er kunnskapsbaserte på dagsaktuell forsking. Kostnadsnivået er høgt i Noreg. Det er kostbart å drive utviklingsarbeid, og vi har ikkje råd til å ikkje lukkast. Derfor må vi søkje kunnskap der den er.

Både Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kunnskapsparken, Sogn regionråd, Sogndal kommune og Sogn Næring var til stades på denne sesjonen.

Fou-utvalet skal evaluere forskingsdagane

Bukve er fornøgd med at presentasjonane hadde deltakarar frå ein del eksterne miljø. Men nokon oversikt over slik deltaking har han førebels ikkje.

- Men no skulle jo dagen også fungere som ein fagdag internt. I kva grad den fungerte slik at folk orienterte seg på andre fagfelt enn sitt eige, veit eg ikkje enno.

- Fou-utvalet skal uansett evaluere ikkje berre denne dagen, men også fagdagen om helseforsking som er i Førde fredag 26. september, og profesjonsforskingsdagen som skal vere den 9. oktober. Så får vi sjå korleis vi skal få formidla kunnskap om høgskulen sin forskingsaktivitet enno betre etter kvart. Det er få som veit kor brei forskingsaktivitet vi har.

Link til Arvid Halléns foredrag.


Sist endra: 24. september 2008 12:51:01