"Norsk lærarutdanning slit med pedagogikken, det faglege kunnskapsnivået og rekrutteringa. Tida er mogen for å rive det gamle byggverket og reise nytt". Professor Oddbjørn Bukve slår skikkeleg til ein BT-kronikk.
Lærarutdanninga i Noreg har i den seinare tida vore under debatt. Å hevde at utdanninga er i krise er ingen oppsiktsvekkjande påstand.
Så langt er det få fagfolk frå HSF som offentleg har engasjert seg i denne spennende og nasjonale debatten. Men i dagens BT (måndag 16. juni) er også "vi" endeleg på banen. Og professor i organisasjon og leiing, Oddbjørn Bukve, tek like godt hardt i, og seier det rett ut: "Legg ned lærarutdanninga".
Kva seier lærarutdannarane ved HSF, og andre stader, til dette?
Kronikken til Bukve er konkret resultat nr. 2 av kronikkurset ved HSF midt i mai, der Hilde Sandvik og Jan Nyberg frå nettopp BT var framifrå forelesarar.
Sist endra: 19. juni 2008 21:44:56