HSF og Norges Idrettshøgskole har no gjort ein avtale om kvalifiseringsarbeid til toppstilling for førsteamanuensis Vegard Fusche Moe, Idrettsseksjonen
Vegard Fusche Moe disputerte for graden dr. scient ved Norges Idrettshøgskole (NIH) i juni 2007. Han arbeider no som førsteamanuensis knytt til HSF sine idrettsstudium.
HSF ønskjer å leggje til rette for at Fusche Moe kan kvalifisere seg for arbeid i ei vitskapleg toppstilling. Normalt skjer dette gjennom ei stilling som postdoktor. Men slike stillingar er avgrensa til institusjonar som har rett til å tildele doktorgrad.
HSF har derfor innleidd eit samarbeid med NIH om slikt kvalifiseringsarbeid. Fusche Moe vil dei neste fire åra få arbeidsvilkår ved HSF på linje med det som er vanleg for ei postdok-stilling. NIH har ansvaret for å godkjenne det faglege prosjektet til Fusche Moe, og å sørgje for fagleg rettleiing gjennom ein særskilt rettleiar ved NIH.
I prosjektperioden skal alle publikasjonane til Fusche Moe knytast til begge institusjonane, og dei såkalla publikasjonspoenga skal delast likt mellom HSF og NIH. Fusche Moe skal også ha nokre klart avgrensa undervisnings-, rettleiings- og sensuroppgåver ved NIH.
Arbeidet til Fusche Moe vert delvis finansiert gjennom midlar frå samarbeidsavtalen mellom HSF og Fylkeskommunen om utvikling av idrettsstudia våre. Postdok-arbeidet er eit viktig tiltak i det langsiktige arbeidet med kompetanseutvikling i det idrettsfaglege miljøet ved HSF og eit sentralt element på vegen mot ei mastergradsutdanning i idrett.
Sist endra: 18. februar 2008 14:05:22