Samarbeidet med Firda og Sogn Avis om aviskronikkar held fram. Vil du vere med?
Under Forskingsdagane 2006 innleidde vi eit samarbeid med Firda og Sogn Avis om å skrive aviskronikkar. Det var så pass vellykka at begge partar valde å halde fram med samarbeidet.
I alt har det vorte skrive rundt 15 HSF-aviskronikkar i dei to avisene sidan september i fjor. Tematisk har det vore store variasjonar, og tilsette frå fleire ulike fagmiljø har medverka. Dette har vore med å synleggjere dei faglege aktivitetane på ein positiv måte. Nokre av kronikkane finn du på heimesida til Sogn Avis.
Ved HSF vert arbeidet ko-ordinert av fou-leiar Arnestad. Tilsette ved høgskulen som har lyst å skrive kronikk, kan ta kontakt med Arnestad. Kronikkane skal vere maksimum 6.000 teikn inklusive mellomrom. Dei skal vere skrivne i ei slik form at avislesarar flest skal kunne lese kronikkane. Dei skal formidle aktuelt og relevant fagstoff. Kronikkane får si endelege form i ein dialog mellom forfattar og fou-leiar.
Formålet er å presentere velskrivne, engasjerte og interessante kronikkar i lokalavisene, og på den måte spegle av breidde, variasjon, relevans og kvalitet i fou-arbeidet ved Høgskulen.
Lokalavisene ønskjer fleire tilsette velkomne som "kronikørar". Har du lyst å prøve den på denne sjangeren, så ta gjerne kontakt. Det er utruleg kor mykje meiningsfylt det er mogleg å få sagt med 6.000 teikn inklusive mellomrom! Berre spør nokre av dei som har prøvd seg med aviskronikkar.
Sist endra: 24. mars 2007 08:36:06