Inger Auestad og Seksjon for landskapsøkologi skal finne ut korleis og i kva grad karplantar spreier seg frå veganlegg til omkringliggjande natur- og kulturlandskap.
HSF og Direktoratet for naturforvaltning har gjort avtale om prosjektet "Spredning av karplanter fra veganlegg - kartlegging og metodeutvikling".
Prosjektet har ei økonomisk ramme på kr 400.000, og skal foreslå ein metodikk for kartlegging av framande artar, og ein plan for vidare overvaking av spreiing i dei utvalde områda. Prosjektet skal også vurdere kva for metodar som generelt sett er best eigna til å kartleggje utbreiing og overvake spreiing av framande karplantar frå veganlegg.
Det er Inger Auestad som skal stå for arbeidet. Ho er PhD-stipendiat, og leverer i desse dagar inn si doktorgradsavhandling om betydninga av vegkantar i skiftande landskap. Auestad skreiv i vår ein kronikk i Bergens Tidende om dei potensielle farane knytt til introduksjon av framande planteartar.
Ekstra hyggeleg denne gongen var det at HSF v/Seksjon for landskapsøkologi fekk tilbod frå Direktoratet for naturforvaltning om dette prosjektet, utan å måtte søkje!
Prosjektet skal gjerast ferdig innan 1 desember 2009.
Sist endra: 15. desember 2008 11:51:31