På siste møte i fou-utvalet vart det samrøystes vedteke at idrettsforsking skal vere eit nytt satsingsområde ved HSF. Dette skjedde som ein del av saka om midtvegsrevisjon av høgskulens fou-strategi.
Det var ulike syn i fou-utvalet på kor omfattande midtvegsrevisjonen av HSF sin fou-strategi burde vere. Eit klart fleirtal i utvalet meinte at det no berre var behov for mindre korrigeringar.
Til grunn for denne saka låg eit notat utarbeidd av utvalssekretær Arnestad og fungerande utvalsleiar Jan Olav Fretland. Notatet hadde vore på høyring i organisasjonen og fått brei tilslutning. Men utvalsmedlem Oddbjørn Bukve (permittert leiar av fou-utvalet) meinte at det framlagde notatet var mangelfullt og tilfeldig med mange lause endar. Han la derfor fram forslag om at det burde gjennomførast ei rekkje supplerande vurderingar og utgreiingar.
Utvalet vedtok likevel samrøystes at idrettsforsking frå nyttår skal vere eit satsingsområde ved HSF, med eigen forskingsleiar som er delfinansiert av institusjonsnivået. På sitt neste møte vil fou-utvalet vurdere status for områda fornybar energi, regionalforsking og geofare/klimanendringar. Mot éi røyst (Bukve) vedtok utvalet å slutte seg i hovudsak til det framlagde notatet, og at meir omfattande vurderingar og avklaringar skal skje i samband med hovudrevisjonen i 2010.
Fou-utvalet slutta seg elles til forslaget om fordeling av tre nye stipendiatstillingar til:
- organisasjon og leiing (AØR)
- helseforsking (AHF)
- sosialfagleg forsking (ASF) (mot éi røyst)
Sjå elles referat frå møtet i fou-utvalet og sakspapira til møtet.
Sist endra: 19. desember 2008 14:34:22