For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fylkeskommunen satsar langsiktig på fou ved HSF og VF

Bilete av fylkesordførar i Sogn og Fjordane Nils R Sandal
Nils R Sandal og fylkestinget vil satse meir på forsking i åra framover.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane løyvde onsdag 12. desember kr 2.350.000 til fou ved HSF og Vestlandsforsking for 2008. Det vart òg gitt tilsegn om tilsvarande beløp for perioden 2009-2011.

Fylkeskommunen inviterte i haust VF og HSF til ein dialog om bruk av midlar til forsking dei nærmaste åra framover. Fylkeskommunen ønskjer no å bruke forsking og utviklingsarbeid meir systematisk og langsiktig som ein del av rolla som regional utviklingsaktør. Derfor vart det lagt opp til å vedta ein langsiktig plan med klargjorde rammevilkår.

Fylkestinget slutta seg til dette på møtet onsdag. Saka har òg vore behandla i hovudutval for plan og næring og i fylkesutvalet.

Dei fire neste åra stiller no fylkeskommunen til disposisjon kr 2.350.000 per år til fou-formål ved HSF og VF. I denne "pakken" inngår fleire fou-formål:

1) For HSF sitt vedkommande vert avtalen om kunnskaps- og kompetanseutvikling innanfor idrett, friluftsliv og folkehelse ført vidare med kr 800.000 i 2008, kr 600.000 i 2009, kr 400.000 i 2010 og kr 200.000 i 2011.

2) Vidare er det laga ein utviklingsavtale mellom HSF, VF og fylkeskommunen for åra 2008-2011. I starten er områda "Brukarretta ikt" og "Opplevingsnæringar/geoturisme" prioriterte. For 2008 er det sett av kr 450.000 til iverksetjing av denne avtalen. Beløpet stig så årleg med kr 100.000, og vil i 2011 vere kr 750.000, viss alt går som det bør.. Det er opp til oss sjølve å sørgje for dette.

3) Det er dessutan årleg sett av mellom kr 300.000 til 600.000 til forskingsprosjekt innanfor det store VRI-prosjektet. Satsingsområda her er reiseliv, fornybar energi, marine næringar og endringsleiing.

4) I denne fylkeskommunale langsiktige pakken inngår også ei årleg grunnløyving til Vestlandsforsking på kr 800.000 for perioden 2008-2011.

Stabile framtidsvilkår er bra. Det er fint at fylkeskommunen vår ser verdien av dette.

For perioden 2008-2009 er det òg sett i verk eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet, der formålet er å auke den næringsretta fou-aktiviteten i fylket vårt. Dag Lothe er tilsett som prosjektleiar, og har fått kontor hos Innovasjon Noreg. Etter prosjektperioden er det meininga at Forskingsrådet skal overta arbeidsgivaransvaret, og at også Sogn og Fjordane skal få ein fast regional representant for Forskingsrådet.

Du kan lese meir om saka i fylkeskommunens saksutgreiing.


Sist endra: 17. desember 2007 14:13:49