For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

HSF-kronikkar om alternative drivstoff og om finanskrisa

Forskingsleiar Erling Holden og førstelektor Johannes Idsø er to aktive og velskrivande kronikkforfattarar som gjer seg gjeldande nett no.

Erling Holden sine første publikasjonar som HSF-tilsett forskingsleiar i fornybar energi har no kome. Måndag 24. november var kronikken "Der det er vilje er det vei" på trykk i Bergens Tidende. I denne kronikken hevdar Holden at vi har all den teknologiske og biologiske kunnskap som er nødvendig for å erstatte bensin og diesel med alternative drivstoff. Men dessverre for klima og miljø ser det ikkje ut til at vi har vilje nok til å bruke kunnskapen, hevdar Holden.

Johannes Idsø er aktuell ikke berre med éin, men med heile tre kronikkar. "Finanskrisa og oss" er tema for kronikkserien hans som er på trykk i Sogn Avis og Firda laurdag 22, måndag 24 og tysdag 25 november. Lokalavisene var svært begeistra for desse tre kronikkane, og rydda plass til dei så snart dei kunne. Idsø skriv i desse tre kronikkane på ein enkel og forståeleg måte om kompliserte og omstridde økonomiske samanhengar. Dei er elles resultat av eit foredrag som Idsø hadde på ein utvida lunsj på avdelinga.

Dei velskrivne kronikkane til Holden og Idsø er førebels ikkje tilgjengelege i nettutgåvene til dei aktuelle avisene.

Forskingsleiar Holden er også på trykk i siste nummer (5/2008) av tidsskriftet Plan med artikkelen "Bærekraftig transport: bedre teknologi, mer tog eller mindre reiser?".


Sist endra: 24. november 2008 22:05:02