I 2007 har HSF-tilsette skrive rundt 40 større avisartiklar og kronikkar. Vi har no laga eit samla oversyn over desse. I 2008 legg vi kronikkane og artiklane fortløpande ut i denne spalta.
Fagleg formidlingsarbeid er ein viktig del av arbeidsoppgåva til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Strategiplanen vår strekar også under at vi skal vere synlege og gjere oss gjeldande i media.
Å skrive aviskronikkar og større innlegg i aviser og blad er ein god måte å markere HSF på. HSF gjorde under Forskingsdagane 2006 ein avtale med Sogn Avis og Firda om å skrive aviskronikkar. Dette var så pass vellykka at vi heldt fram samarbeidet. I Sogn Avis har vi i også ei "Naturfagleg spalte".
Vi har no laga eit samla oversyn over alle HSF-kronikkane og andre større avisinnlegg i 2007. Det dreier seg om rundt 40 artiklar. Det er bra. Og det kan verte endå betre. Ikkje sant? Vi burde òg gjere oss litt meir gjeldande i dei nasjonale media. For 2008 registrerer vi kronikkar og større artiklar fortløpande.
Alle kronikkane og artiklane finn du her.
Har du eit godt kronikktema eller ønskjer du å skrive ein aviskronikk, ta kontakt med fou-leiar Arnestad.
Sist endra: 04. januar 2008 22:41:32