For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

HSF framleis på publiseringstoppen

HSF er framleis blant dei høgskulane i landet som har mest vitskapleg publisering. Dette går fram av oversynet over publikasjonspoeng for 2006.

Statistikken for teljande vitskapleg publisering for 2006 for høgskular og universitet er no klar. Og gledeleg nok: HSF er som i 2004 og 2005 framleis blant dei betre høgskulane. Vi har likevel ein nedgang frå det svært gode året 2005.

HSF skårar i 2006 40,7 publikasjonspoeng. Det plasserer oss på ein sjetteplass blant dei 24 statlege høgskulane. Vi hadde same plassering i 2005. Vi har likevel ein nedgang i publiseringspoeng frå 2005, då vi hadde heile 46 poeng. Talet på teljande publiksjonar for 2006 er 40 mot 32 i 2005.

For 2006 er det Avdeling for lærarutdanning og idrett som skårar mest, i alt 19,5 poeng. Deretter følgjer Musikkterapi med 11,1 poeng. Dei andre avdelingane ligg mellom 1,5 og 3,1 publikasjonsspoeng.

Det er særleg antologien "Barnepedagogikk", redigert av Edvard Befring og Synneva Helland, som har gitt Avdeling for lærarutdanning og idrett høg utteljing for 2006. Det positive her er at mange av dei fagtilsette har skrive artiklar, slik at dette er eit skikkeleg døme på fagleg samarbeid og dugnadsvilje. Eit eksempel som andre avdelingar kan lære mykje av. Det lønnar seg å trekkje saman!

Det er elles interessant å merke seg at heile åtte høgskular har færre publikasjonspoeng enn ALI-avdelinga åleine. Samstundes er det viktig å minne om at det blir gjort svært mykje godt fou-arbeid, både i HSF og på andre høgskular, som førebels ikkje slår ut i denne omstridde nye poengleiken.

Meir om poeng, poengfordeling og publikasjonar finn du på heimesidene til NSD; både for HSF og for alle høgskular og universitet. Trykkjer du på sjølve poengtala, finn du òg ut kva for publikasjonar som skjuler seg bak tala.


Sist endra: 10. mars 2007 09:54:11