For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

HSF – Ein mangfaldig forskingsinstitusjon

HSF er fylkets viktigaste forskingsinstitusjon. Men kva er det slags forsking vi arbeider med, og kven er forskarane våre? Fredag 19 september kan du kome til Sogndal kulturhus og gjere deg nærmare kjend med dette.

Denne dagen vil vi presentere smakebitar av kva som føregår av forskingsarbeid ved Høgskulen sine avdelingar i Sogndal.

Dette skjer i Sogndal kulturhus. Gjennom foredrag, utstillingar, posters og diskusjonar inviterer vil til innblikk i det vi forskar på innanfor ulike felt som kultur og fritid; velferd og helse, skule og arbeidsliv, idrett og bevegelse, regional omstilling og utvikling, skredsikring og tsunamiar, fôrnaud og lauvingsteknikkar…

Vi får denne dagen også besøk av sjølvaste Arvid Hallén, toppsjef i Noregs forskingsråd. Han vil først på dagen drøfte kva som skal til for å gjere HSF til ein betre forskingsinstitusjon.

Vi ønskjer alle som er interesserte i å gjere seg betre kjende med høgskulen og det vi driv på med, velkomne til Sogndal kulturhus fredag 19. september. Tilskipinga er ein del av Forskingsdagane 2008

PROGRAM

09.15-10.00: Mens vi ventar: Kaffi og wienerbrød i kantina og i foajen

10.00 Rektor Åse Løkeland: ”HSF – ein god og mangesidig forskingsinstitusjon”

Heidring av tre 25-årsjubilantar

Kunstnarleg innslag

10.20 Adm. dir. i Noregs forskingsråd Arvid Hallén: ”Forskingsutfordringar for høgskulane i distrikta”.

Vi er spente på Hallén si vurdering av oss, og kva han meiner vi bør forske på.

11.15 Plenumsdebatt: ”Korleis gjere HSF til ein betre forskingsinstitusjon”. Innleiing ved professor Oddbjørn Bukve. Meiningsutveksling i plenum, med nokre inviterte bidragsytarar.

12.15 Lunsj for alle i kantina i Kulturhuset. SISOF viser seg frå si beste side!

13.15-15.30: Kva forskar vi på ved HSF i Sogndal?
Gjennom sju parallelle sesjonar presenterer vi smakebitar av den mangesidige forskinga som går føre seg ved Høgskulens fagmiljø i Sogndal. Aktive forskarar står for presentasjonane. Vi har òg invitert ”praktikarar” som skal kommentere det som vert lagt fram. Og det vert spørsmål og ordskifte. Vel møtt til lærerike og spennande presentasjonar.

Sesjon 1: Kultur, skule og fritid

1.amanuensis Roger Hestholm: Kunnskap og kultur i den norske middelklassen

Høgskulelektor Torkjell Sollesnes: Korleis hanskast med problemåtferd i skulen?

Høgskulelektor Marianne Hoff: Kinoens betydning i lokalkulturen

1.amanuensis Olav Mjaatvedt: Hjemmet i skjæringspunktet mellom det globale og lokale

Sesjon 2: Velferd, sjukdom og helse

Høgskulelektor Sollaug Burkeland: Å bekjempe fattigdom: Arbeidslinje eller omsorgslinje?

Høgskulelektor Brit-Marie Follevåg: Langtidssjuke: Er tenestene samordna og heilskaplege?

1.amanuensis Birgit Nordtug: Innsatt og utsatt i språket – subjektivitet og spiseforstyrrelser

1.lektor Grete Fischer: Bildeskaping som aktivitet. En kilde til livskvalitet og utvikling.

Sesjon 3: Forsking om læring – brennheit diskusjon i skule og arbeidsliv

1.amanuensis Ingrid Fossøy og 1.lektor Knut Roald: Kva er frontane i læringsdiskusjonen innanfor forsking og utdanningspolitikk?

Korleis forskar vi på HSF i høve skoleverket sine læringsutfordringar? Utvalde praktiske døme frå HSF sine doktorgradsstipendiatar

1.amanuensis Øyvind Glosvik: Læring og leiing - Eit sentralt tema i arbeidslivet og eit sentralt masterstudium ved HSF.

Sesjon 4: Kropp og rørsle – ei varm potet i læringsdebatten?

1.amanuensis Vegard Fusche Moe: Kroppsleg ferdigheitslæring – kva er det, og kvifor studera det?

Stipendiat Geir Kåre Resaland: Fysisk aktivitet i skulen – grunnlag for livslang læring? Presentasjon av eit doktorgradsprosjekt

Lærar Tom Christian Wergeland : Erfaringar og refleksjonar frå eit forskingsprosjekt som endra skulekvardagen vår: 60 minutt dagleg fysisk aktivitet over to år.

Seminar 5: Tema: Regional styring og utvikling

Del 1: Regional styring

Kvifor feila regionreforma v/stipendiat Åge Vebostad

Erfaringar med regional parlamentarisme v/stipendiat Ole Inge Gjerald

Del 2: Regional omstilling og utvikling

Regional omstilling i Sogn og Fjordane v/ 1.lektor Jon Gunnar Nesse

Utfordringar for Sogn og Fjordane v/ professor Oddbjørn Bukve

Seminar 6: Fôrnød som forskningsstimuli

Introduksjon ved professor Knut Rydgren: ”Nød lærer naken kjerring…”

Deretter vil 1.amanuensis Leif Hauge og professor Ingvild Austad lede forsamlinga gjennom resten av sesjonen. Foreløpige ”titler” på tre deler (litt ulik lengde) er:

(1) Dokumentasjon av tradisjonelle høstingsteknikker som grunnlag for forskning

Her vil Leif Hauge vise en video av lauving, ca. 15 min.

(2) Bærekraftige produksjonssystemer – kan vi lære av fortida?

(3) Kunnskapsoverføring, fra fortid til nåtid?

Seminar 7: Geofarer i fortid, nåtid og framtid

Kort innledning: Hvilke utfordringer kan vi stå overfor?

1) Aldersbestemming av skred. 1.amanuensis Rune Aa

2) Ustabile fjellsider i Sogn og Fjordane. 1.amanuensis Helge Henriksen

3) Geologi og forurensing. 1.amanuensis Matthias Paetzel

4) Tsunamiar i Sogn? Professor Stein Bondevik


Sist endra: 03. september 2008 14:51:16