Under Forskingsdagane 2008 i slutten av september skal vi markere at HSF er ein god, mangesidig og samfunnsnyttig forskingsinstitusjon.
I år markerer HSF Forskingsdagane med to store tilskipingar, der vi gjennom foredrag, utstillingar, posters, diskusjonar mm skal presentere den mangesidige forskingsverksemda ved høgskulen. Vi mobiliserer og byr på våre beste krefter for å få dette til.
Markeringa i Sogndal skjer fredag 19 september i Kulturhuset. Gjennom heile åtte parallelle seminar skal vi då fortelje litt om det vi driv på med. Tematisk spenner dette vidt; frå forsking om regional omstilling via kropp i bevegelse, geofare i fortid og framtid, fôrnaud til læringsutfordringar i skulen. HSF-forskarar vil halde korte og poengterte innleiingar. Dei vil verte utfordra av "praktikarar", som grunnlag for vi vonar kan verte engasjerte ordskifte.
Vi har elles fått adm. dir. i Noregs forskingsråd Arvid Hallén til Sogndal denne dagen. Han vil først på dagen saman med professor Oddbjørn Bukve innleie til ein plenumsdiskusjon kring forskingsutfordringar for høgskular i distrikta. Kan vi forske like mykje som før om studentane sviktar oss?
Heile programmet for Forskingsdagen i Sogndal finn du her.
Markeringa i Førde skjer fredag 26 september på Vie. Dagen vert innleidd med den offisielle opninga av Senter for helseforsking, som er eit nyskipa fellestiltak i samarbeid mellom HSF, Avdeling for helsefag og Helse Førde. Gjennom denne pioneretableringa tek vi eit krafttak for den kliniske helseforskinga i Sogn og Fjordane.
Utover dagen vil fagfolk frå HSF og Helse Førde presentere smakebitar av kva som føregår av forskings- og utviklingsarbeid i Sogn og Fjordane innanfor område som kikholskirurgi, psykisk helsevern, fysikalsk medisin og rehabilitering, forbetringsarbeid, profesjonsutøving og leiing i sjukehus. Presentasjonane vert i form av ulike parallelle seminar og posterpresentasjonar.
Heile programmet for dagen finn du her.
Begge desse Forskingsdagane i Sogndal og Førde er opne for alle interesserte som har lyst å verte meir kjende med eller få seg ein liten smakebit av den samfunnsnyttige forskinga som vert utført ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Den årlege rettleiingskonferansen for Sogn og Fjordane, ein møtestad for alle som er interesserte i rettleiing/coaching/mentoring på tvers av faglege tradisjonar, er også ein del av Forskingsdagane 2008.
Som ein av Forskingsdagane 2008 vil eit par erfarne ungdomsforskarar ved HSFs sitt studium i ungdomssosiologi møte to samfunnsfagklassar ved Sogndal vidaregåande skule for å drøfte utfordringar som gjeld ungdomskultur og fritid.
Vi vonar også å få på plass nokre fleire arrangement, mellom anna ei markering av 200-årsjubileet for Henrik Wergelands fødsel.
Sist endra: 21. august 2008 12:44:30