For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Handlingsplan for vitskapleg publisering

Høgskulen treng å auke den vitskaplege publiseringa. Som eit ledd i arbeidet, er det no vedteke ein eigen handlingsplan.

Det var fou-utvalet som sist vår tok opp utfordringa vi har når det gjeld å styrkje den vitskaplege publiseringa ved høgskulen. Saka vart òg drøfta med rektor Løkeland.

I 2008 plasserte vi oss som nr 18 av 24 høgskular når det gjeld publiseringspoeng. Etter rektor, og fou-utvalets meining, bør vi i første omgang ha som målsetjing å kome opp på den øvste halvpart av høgskulane når det gjeld publiseringspoeng.

Handlingsplan

På junimøtet i fou-utvalet slutta eit samrøystes utval seg til eit forslag til handlingsplan for publisering, utarbeidd av utvalsleiaren, professor Oddbjøn Bukve. Forslaga i planen strekte seg frå klarare vektlegging av forskingskvalifikasjonar ved tilsetjing via målsetjingar om auke av den eksternfinansierte forsking og fastsetjing av avdelingsvise måltar for publisering til forslag om korleis vitskapleg publisering skal synleggjerast og prissetjast klarare i organisasjonen.

Vidare behandling av planen

Handlingsplanen vart etter ferien drøfta på eit leiarmøte. Med bakgrunn i drøftingane her har rektor no laga ein endeleg handlingsplan for vitskapleg publisering ved HSF. Rektor er godt nøgd med denne planen, og meiner at han kan verte eit nyttig og tenleg instrument i arbeidet med å auke den fagfellevurderte og teljande publiseringa som gir HSF fleire publiseringspoeng og auka fou-løyving frå departementet

Nedgangen i publiseringspoeng i 2008 gav HSF ei redusert fou-løyving på 0,6 mill. kroner i statsbudsjettet for 2010. Publiseringstala for 2009 tyder så langt på at vi kjem noko betre ut enn i 2008. Kor mykje betre, vert spennande å sjå.


Sist endra: 16. oktober 2009 10:21:29