Fou-utvalet ved HSF ønskjer seg eit årleg rullerande fou-program for HSF. Programmet skal vise ressursbruken til fou uavhengig av budsjettpostar.
Det nye fou-utvalet, under kyndig leiing av professor Oddbjørn Bukve, har hatt sitt første møte. På møtet var det full semje om at det no er på tide med eit betre og meir fullstendig oversyn over disponeringa av ressursar til fou-formål ved HSF. I dag fordeler fou-løyvingane seg på ei rekkje postar i budsjettet. Fou-utvalet ønskjer at det må utarbeidast eit programbudsjett for fou, som skal syne kor mykje ressursar som vert brukte til fou, til kva slags formål og kvar helst midlane vert brukte. Fou-utvalet ønskjer seg eit årleg rullerande fou-program på linje med det årlege studieprogrammet. Dette skal behandlast i fou-utvalet før det det skal vedtakast i styret.
Utvalet meiner òg at det må setjast av ein disposisjonspott til fou-utvalet til løpande formål. Utvalet peikte elles på at det bør setjast av tidsressurar frå institusjonsnivået til leiaren av fou-utvalet, slik som for leiaren av studieutvalet.
Med basis i eit notat frå leiaren vart oppgåveprioriteringa for fou-utvalet drøfta. I notatet vart det skilt mellom ulike roller for utvalet: den utviklande rolla, den rådgjevande rolla og det tilsynsførande rolla. Notatet vart godt motteke i utvalet. Du finn notatet bakerst i sakspapira til fou-utvalet.
Prioriterte forskingsområde: Utvalet tok elles til vitande at ALI ikkje har funne det rett å tilsetje/peike ut eigen forskingsleiar for læringsforsking, slik fou-utvalet bestemte det på møtet i juni 2008. Utvalet sin føresetnad er at ALI tilset forskingsleiar seinast frå 1.8.2008. Ved AIN er professor Ingvild Austad tilsett som forskingsleiar for kulturlandskap, ved AØS er professor Oddbjørn Bukve tilsett som forskingsleiar for organisasjon og leiing, og ved ASF er førsteamanuensis Sidsel Natland tilsett som forskingsleiar for profesjonsforsking. Ved AHF er det under tilsetjing eigen forskingsleiar for Senter for helseforsking, som HSF opprettar saman med Helse Førde. Vedkommande vil få ansvar for området klininisk helseforsking.
Fou-forum: I løpet av hausten vert det oppretta eit eige forum for fou-leiarar ved HSF. Her vil forskingsleiarane for dei fem institusjonsprioriterte forskingsområda møte. Det same gjeld leiarane for dei avdelingsvise fou-utvala og forskingsleiarar for andre avdelingsvise prioriterte fou-satsingar. Første møte i dette forumet vert i samband med fou-utvalsmøtet fredag 14. desember.
Fou-utvalet drøfta elles rutinar for tildeling av doktorgradsstipend og stipendiatstillingar. Utvalet peikte òg på at dei to nye stipendiatstillingane HSF fekk for 2008 må kome til reell utlysing.
Utvalet tok dessutan til orde for ulike tiltak for å involvere studentar tettare i fou-arbeid. Studentaktiv forsking skal verte eige tema på eit seinare møte i fou-utvalet.
Referatet frå møtet finn du her. Sakspapira er her.
Sist endra: 04. desember 2007 21:40:43