For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fou-forum etablert ved HSF

Bilete av professor og forskingsleiar Oddbjørn Bukve skal leie arbeidet i det nye Fou-forum ved HSF
Professor og forskingsleiar Oddbjørn Bukve skal leie arbeidet i det nye Fou-forum ved HSF

Fredag 14. desember var det møte i høgskulens fou-utval. Samtidig vart eit nytt organ, Fou-forum ved HSF, konstituert.

Det nye organet, Fou-forum ved HSF, er ei direkte oppfølging av høgskulens vedtak om ein meir konsentrert fou-innsats. Forumet består av dei utpeikte forskingsleiarane for dei prioriterte forskingsområda ved HSF; organisasjon og leiing, kulturlandskap, profesjonsforsking, læringsforsking og klinisk helseforsking. I tillegg møter også leiarane av fou-utvala på avdelingane og fou-leiarar for nokre prioriterte forskingsområde på avdelingane. Dessutan møter leiaren for VF og HSF si fellessatsing på reiselivsforsking. I alt var 14 personar kalla inn til denne første samlinga, i tillegg til heile fou-utvalet.

Det vart ei vellykka samling. Hovudvekta på dette konstituerande møtet var naturlegvis lagt på presentasjonar av fou-aktivitetane i dei ulike forskingsgruppene: innhald, organisering, status. Dessutan drøfta vi kva funksjon dette nyskipa forumet bør ha, og korleis arbeidet kan leggjast opp framover.

Følgjande arbeidsoppgåver vart skisserte: rådgiving, informasjonskanal for fou-utvalet, katalysator for tverrgåande fou-arbeid internt og eksternt, ivareta linken til fagleg basert undervisning, ulike former for eksternt finansiert fou-verksemd (NFR/EU/andre), eigenevaluering av fou-verksemda. Inntil vidare vert det lagt opp til to møte per år i det nyskipa forumet.

Etter ein velsmakande lunsj var det så klart for årets siste møte i fou-utvalet. Her vart både årshjul og ein kortfatta strategisk plan og handlingsplan drøfta, og eit nytt og særs lovande styringsverktøy for fou-prosjekt vart presentert for utvalet av PØA-rådgivar Bente Karin Husabø.

Viktigaste vedtakssaka var styresaka om "Fordeling av strategiske fou-midlar 2008 på institusjonsnivå". Fou-utvalet meinte at denne saka no var utgreidd på ein god måte, og slutta seg til rektors framlegg til vedtak både når det galdt disponering av midlane og fordeling av dei to nye stipendiatstillingane. Utvalet ønskjer likevel at dei 300.000 kronene som i vedtaksframlegget er foreslått "Til disposisjon", skal disponerast av fou-utvalet.


Sist endra: 17. desember 2007 14:17:16