Forskingsmiljøa er små og fragmenterte, det vert publisert for lite, og kvaliteten er for låg. Slik vurderer professor Steinar Stjernø forskinga ved dei statlege høgskulane.
"Forskning ved de statlige høyskolene - mulighetenes kunst?". Dette var overskrifta for ein konferanse som UHR og NFR skipa til i Oslo torsdag 21. juni. Gjennom ei rekkje foredrag og innlegg vart utfordringane for forskinga ved høgskulane belyste.
Størst spenning var det knytt til innlegget til professor Steinar Stjernø, mannen som leiar utvalet som no vurderer utvikling i og strukturen på norsk høgare utdanning dei neste 10-20 åra. Stjernø konstaterte at høgskulane har (for) mange små fagmiljø, mange planar om doktorgradsprogram og (altfor) mange små mastergradsstudium. Ved 37 av mastergradsstudia vart det i 2006 uteksaminert mindre enn 10 studentar. Berre 7 slike studium uteksaminerte meir enn 20 studentar.
Stjernø tok til orde for sterkare konsentrasjon av doktor- og mastergradsutdanningane. Forskarutdanninga må intensiverast og forskinga kollektiviserast. Dette er nødvendig for å auke forskingsvolumet og for å styrkje kvaliteten. Dessutan gjorde Stjernø seg til talsmann for "metodisk pluralisme". "Også høyskolenes forskere må kunne både forstå og regne", hevda han. Det trengst, ikkje minst, meir bruk av kvantitative metodar i profesjonsforskinga. Les powerpointversjonen av foredraget her.
Adm. dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet kunne elles opplyse at NFR vurderer å etablere eit nytt program for profesjonsforsking.
Alle foredraga frå konferansen, som samla nesten 200 deltakarar; to av desse frå HSF, finn du her.
Sist endra: 01. juli 2007 12:16:24