For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Foreslå kandidatar til fou-prisen!

På personalseminaret i Balestrand i januar 2009 er det tid for tildeling av fou-prisen for HSF. Kom gjerne med gode forslag.

I paragraf 1 i statuttane for fou-prisen heier det:

"Prisen for godt fou-arbeid ved HSF er oppretta for å gi anerkjenning til fagpersonar eller fagmiljø ved HSF som har utført forskingsarbeid, utviklingsarbeid og/eller kunstnarleg utviklingsarbeid som held høge faglege mål i ein nasjonal og om mogleg internasjonal målestokk. Prisen skal òg kunne tildelast enkeltpersonar/fagmiljø som har utmerka seg med framifrå allmennretta og brukarretta forskingsformidling.

Ved utdeling av prisen skal det leggjast vekt på at fou- og/eller formidlingsarbeidet skal fremje den faglege profilen til høgskulen og utvikle fagmiljø knytt til høgskulen sitt studietilbod. Prisen er ei belønning som vert tildelt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein spore til vidare innsats."

Det er fou-utvalet som tildeler prisen. Prisen vert tildelt annakvart år. Siste tildeling skjedde i januar 2005. I 2007 vart prisen ikkje tildelt.

Framlegg på kandidatatar skal sendast fou-leiar Georg Arnestad. Frist for å kome med framlegg er måndag 1. desember.

Statuttane for prisen finn du her.


Sist endra: 04. november 2008 19:31:43