Arbeidet med å etablere eit slagkraftig forskingsmiljø innan fornybar energi er no inne i ein spennande fase. Tre doktorgradsstipend/kvalifiseringsstipend til professor og ei professorstilling er lyste ut.
Vestlandsforsking og HSF samarbeider fagleg om denne nysatsinga, som har komme i stand gjennom midlar frå energibransjen i fylket, Sparebanken Sogn og Fjordane og Forskingsrådet.
Det er sjeldan at så mange stillingar der ein etterspør høgt kvalifiserte personar innan ulike fag under ein felles fagleg "paraply", vert lyste ut samstundes.
Her er omtale av professorstillinga som skal vere forskingsleiar for programmet.
Her er omtale av stipendstillingane.
Sist endra: 06. mai 2008 15:20:43