For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Framlegging av essay i vitskapsteori

Sollaug Burkeland har skrive essay om å forske på fattigdom

Høgskulelektor Sollaug Burkeland, ASF la onsdag 5. desember fram sitt essay i vitskapsteori. Det handla om å forske på fattigdom.

Sollaug Burkeland har i 2007 vore éin av HSF sine deltakarar på VNN-kurset i vitskapsteori og etikk. I løpet av dette kurset skal alle kandidatane utarbeide eit essay, som skal leggjast fram for drøfting.

Sollaug sitt essay har tittelen "Sosialkonstruksjonistiske posisjoner som utgangspunkt for å forske på fattigdom" (10 studiepoeng). Onsdag 5 desember la ho essayet fram for drøfting. Professor Torjus Midtgarden, UiB (faglærar på kurset) og førsteamanuensis Roger Hestholm, HSF var "opponentar" og kommentere det framlagde essayet.

Dei hadde mange godord om og nokre kritiske merknader til det framlagde essayet. Essayet vart godkjent.

Essayet finn du det her. Forside og innhaldsliste finn du her.


Sist endra: 18. desember 2007 13:07:41