Ei rekkje høgskulelektorar ved HSF arbeider i dag som stipendiatar. Kor lang bindingstid bør desse få ved HSF når stipendiatperioden er over, og dei kjem tilbake til dei faste stillingane sine?
Mogleg bindingstid for stipendiatar var éi av sakene HSF sitt fou-utval behandla på sitt siste møte. Utvalet var positivt stemt for ei slik bindingstid. Utvalet likar dårleg at fast tilsette ved HSF får finansiert ei doktorgradsutdanning ved Høgskulen, for så å seie opp stillinga si når dei har vorte doktorar.
Utvalet drøfta også om høgskulen bør innføre ei premieringsordning for tilsette som publiserer artiklar i tidskrift og bøker som gir utteljing i publikasjonspoeng. Fleire høgskular har innført slike ordningar. Fou-utvalet var skeptisk til at HSF på institusjonsniva bør ta eit slikt system i bruk. I staden bør ressursfordelingsmodellen endrast, slik at fou-løyvinga til avdelingane ikkje lenger vert så avhengig av produserte studiepoeng som ho er i dag. Utvalet meiner elles at dekanane og institusjonsleiarmøtet ved høgskulen må ta ei skikkeleg drøfting av korleis ein kan utvikle ordningar som stimulerer til meir publisering. Mange høgskular har betra seg betydeleg her dei siste par åra.
Utvalet tildelte førstelektorstipend til Astrid Øydvin, ALI og Torkjell Sollesnes, ASF. Utvalet vedtok også ein prosedyre/framgangsmåte for tilsetjing i den opne stipendiatstillinga. Det kom heile 22 søkjarar til denne stillinga. Ein komité samansett av Oddbjørn Bukve, Jan Olav Fretland og Knut Rydgren er no inne i sluttbehandlinga av søknadene.
Les elles det fyldige referatet frå møtet i fou-utvalet.
Sist endra: 18. juni 2008 19:39:42