For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

58 søknader på utlysing av Strategiske høgskuleprosjekt

Forskingsrådet har motteke 58 søknader på utlysinga av Strategiske høgskuleprosjekt. Tre av søknadene kjem frå HSF.

Etter eit års pause vart det i 2009 igjen lyst ut forskingsrådsmidlar til Strategiske høgskuleprosjekt. Utlysinga galdt 50 mill. kroner for perioden 2009-2012. Midlane er reserverte for statlege høgskular som sorterer under Kunnskapsdepartementet.

Forskingsrådet opplyser at det har kome inn i alt 58 søknader frå dei 23 statlege høgskulane. Dette gir eit snitt på 2,5 søknader per høgskule. Det vil verte gitt løyving til maks 10 prosjekt.

Frå HSF vart det sendt inn tre søknader. Desse kom frå AHF i samarbeid med Idrettsseksjonen ved ALI, frå AIN ved fagmiljøet i landskapsøkologi og frå ASF frå profesjonsforskingsmiljøet. Søknadene har følgjande titlar:

1. AHF og Idrett: "A multidisciplinary approach to assess the impact of lifestyle intervention or surgery on morbid obesity". Prosjektleiar: professor II, Olav M Kvalheim

2. AIN/landskapsøkologi: "SCALIENS - Scale related aspects of invasive alien plant species in road verges." Prosjektleiar: professor Knut Rydgren.

3. ASF/profesjonsforsking: "Samfunnslegitimeringa til profesjonane. Kunnskap, politikk og verdiar i velferdsyrka sitt profesjonaliseringsarbeid." Prosjektleiar: førsteamanuensis Roger Hestholm.

Dette er tre gode søknader. Dei er uttrykk for høg og god fagleg aktivitet i mange av høgskulens faglege miljø. Frå institusjonsnivået vart søknadene etter ei fagleg-strategisk vurdering rangerte i rekkjefølgja ovanfor.

Søknadene vert no vurderte av ekspertar og fagpanel utpeikte av Forskingsrådet. Styret for SHP skal så stå for den endelege utveljinga av kva for prosjekt som skal verte tildelt midlar. Dette vil skje i slutten av mai eller byrjinga av juni. Vi får krysse fingrane og vente...


Sist endra: 26. februar 2009 11:24:19