Forskingsetikk omfattar etiske aspekt både ved forskarrolla (redelegheit, habilitet og uavhengigheit) og forskingsprosessen (i definering av mål og metode, ved involvering av forsøkspersonar, ved bruk av persondata og ved forsking som kan innebere risiko for skade på menneske, dyr og natur). Forskingsetiske dilemma kan òg oppstå i skjeringsfeltet mellom forsking og andre aktivitetar som undervisning, formidling, ekspertvirksemd og fag- og institusjonsforvaltning og engasjement i anna verksemd.
Utgangspunktet for dei forskningsetiske retningslinjene er Lov av 30. juni 2006 om behandling av etikk og redelighet i forskning. Det er òg utarbeidd ei forskrift til lova. I tillegg til denne lova er det utarbeidd nasjonale og internasjonale retningslinjer for ulike fagfelt. Dette gjeld mellom anna:
Retningslinjene er ikkje gjensidig utelukkande, men overlappande og utfyllande i forhold til kvarandre. Nokre gonger er dei etiske normene som er nedfelt i retningslinjene også nedfelt som lovreglar, slik at forskingsetikken og lovgivinga overlappar kvarandre.
Høgskulen i Volda har utarbeidd eigne etiske retningslinjer for forsking.
Når det gjeld personvern, er det Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste som er oppnemnt som ombod for dette for høgskular og universitet. På heimesidene til NSD finn du reglar for å skulle melde inn eit forskingsprosjekt som omfattar personopplysninger og meldeskjema for slike forskingsprosjekt.
Prosjekt som vedkjem medisinsk forskning, skal godkjennast av regional etisk komite for Vest-Norge, REK Vest.
Elles kan følgjande lenkjer vere interessante for dei som vil setje seg ytterlegare inn i forskingsetiske spørsmål:
Sist endra: 16. september 2010 12:19:40