For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Ferie

Reglane om ferie er regulert i Lov om ferie (ferielova).

Feriedagar

Ferien er 5 veker (25 arbeidsdagar), jf. Ferielova §§ 5 og15 og Hovudtariffavtalen pkt. 7.6 Avtalefesta ferie. Arbeidstakar som fyller 60 år i løpet av ferieåret har rett til til ei ekstra ferieveke frå og med det året. Alle som vert tilsett før 30. september, har rett til full feriefritid det året.Ved tilsetjing etter 30. september, har ein rett til ei veke ferie. Sjølv om ein ikkje har opparbeidd seg rett til ferie med full løn, har ein rett til full feriefritid, men då utan løn eller med løn for ein del av ferien.

Både oppteningsåret for feriepengar og ferieåret følgjer kalenderåret.

Utrekning av feriepengar

Feriepengar utgjer 12% av feriepengegrunnlaget, eventuelt 14,3% for tilsette over 60 år. Feriepengegrunnlaget, som er oppført i eigen rubrikk på lønsslippen, er fjorårets løn minus ferieløna.

Overføring/forskotering av ferie

Inntil 14 arbeidsdagar kan overførast til påfølgjande ferieår. Ferieåret følgjer kalenderåret. Søknad om overføring sendast næraste overordna før året er omme. Vidare kan forskot på neste års ferie avtalast, avgrensa til det tal feriedagar det er opptent feriepengar for (2 dagar pr. mnd.).

Sjukdom i ferien

Dersom ein blir 100% sjukmeldt i ferien, kan ein krevje at et tilsvarande tal dagar vert gitt som ferie seinare i ferieåret. Det må leverast sjukemelding umiddelbart etter at ferien er over. Viss ein er sjuk når ferien startar, kan ein krevje at ferien vert utsett.

Deltidstilsette

Deltidstilsette tener opp rett til vanlig ferietid med deltidsløn/ferietillegg. Deltidstilsette som ikkje jobbar deltid kvar dag, får ikkje dermed lenger ferie. Under ferieavvikling reknast det som om ein jobbar deltid kvar dag.

Deltidstilsette som ikkje har opptent rett til feriepengar og avviklar ferie utan løn, vert trekt for tal arbeidsdagar dei avviklar ferie.

Opptjening av feriepenger under permisjon med løn

Ved sjukdom, fødsels- og omsorgspermisjon og andre permisjonar med løn tener ein for same tidsrom også opp rett til feriepengar uten omsyn til arten eller lengda av fråværet.

Utbetaling av feriepenger

I staten føretek ein ei eingongsutrekning av feriepengar i juni. Den delen av feriepengane som overstig løn for vanlig arbeidstid under ferien (ferielønstillegget), vert utbetalt saman med løn for juni månad.


Sist endra: 11. september 2014 13:05:55