Den 3. november arrangerte profesjonsforskingsgruppa ved HSF og UH-nett Vest seminaret "Profesjonar og profesjonsutøving i eit kjønnsperspektiv" i Sogndal. Her kan du lese eit samandrag.
Dei frammøtte fekk høyre fem engasjerte innlegg. Føredraga og diskusjonane synte at ein kan nærme seg tematikken ut frå svært ulike utgangspunkt; frå analyse av historia til det daglege arbeidet innafor profesjonelle organisasjonar. Det vart klarare for mange at eit kjønnsperspektiv i liten grad er noko ein kan ha med berre som eit vedlegg til studiar av profesjonar. I sjukepleia, på sosialkontora og skulen arbeider ein i lag med kollegaer og for arbeidsgjevarar på ein profesjonell måte for å dekke behova til pasientar, klientar og skuleungar. Kjønnsdimensjonen ligg ofte innbakt i denne profesjonaliteten på ein meir eller (oftare) mindre medviten måte, samstundes som den konkrete samhandlinga mellom dei profesjonelle og brukarane gjerne får ulikt innhald og karakter ut frå kva kjønn deltakarane har. I hovudstraumen av profesjonsteoriar er slike forhold førebels lite påakta, noko som i seg sjølv kan vere uttrykk for eit aspekt ved kjønnsdimensjonen.
|
|
Dei to eksterne innleiarane, Rannveig Dahle frå NOVA og Solveig Sagatun frå UiA har begge gjort sitt for å endre på denne situasjonen.
Dahle synte mellom anna til måten legeforeninga i si tid (1880- åra) prøvde å halde kvinner utanfor medisinstudiet på, og drog linjene frå dette vidare framover i historia. Også omgrepsbruken mannlege forskarar har nytta for å tematisere og forstå profesjonar vart problematisert; Kva er til dømes grunnen til at yrka med kvinnemajoritet har blitt kalla "semi- (halv-) profesjonar"? Terminologien har i følgje Dahle sprunge ut av eit mannleg perspektiv på kva kunnskap og ekspertise er, og ikkje sjeldan har slike oppfatningar fungert som stengsel mot profesjonalisering av dei typiske kvinneyrka.
Sagatun var mindre historisk, men meir praktisk og konkret i si orientering. Ho gav eit samandrag av funna frå ein studie ho sjølv har gjennomført av korleis kjønn og førestillingar om kjønn pregar utviklingsarbeid med unge i barnevernet. Dei som utfører dette arbeidet gjer det med bestemte oppfatningar om kva unge gutar og jenter er eller bør vere opptekne av. Delvis bidrar desse oppfatningane til å sementere kjønnsstereotypiske praksisar, men dei kan også kome i konflikt med dei unges eigne oppfatningar av kva det vil seie å bli ei vaksen kvinne eller mann. Igjen krev det eit medvite arbeid med eigne kjønnsoppfatningar hos den profesjonelle for å kunne manøvrere fornuftig i dette landsskapet.
|
|
Siste del av seminaret vart nytta til kortare framlegg av pågåande og planlagde forskingsprosjekt.
Grete Nordvik og Randi Moe frå Høgskolen i Bergen presenterte prosjektet "Barnehagen som danningsarena", og gjekk nærmare inn på korleis kjønnssosialisering kan arte seg der. Ved å analysere utsegner frå ungar og nedskrivne historier frå tilsette, er det mogleg å sjå korleis refleksjonar rundt kjønn utfaldar seg og ein kan kontrastere dette med kjønnsoppfatningar i nær historie.
Ane Bergersen (HSF) sette opp "Kjønn, ledelse og profesjon" som tittel på sitt innlegg. Søkjelyset vart mellom anna retta mot den egalitære "kvinnekulturen" som truleg kan medverke til å halde både kontroll og sjølvjustis på kvinner som elles kunne tenke seg leiarstillingar.
|
|
Trond Erlien, som frå i haust har arbeidd som profesjonsforskings- stipendiat ved HSF, vedkjende seg innleiingsvis at han først i det siste har blitt klar over kor viktig kjønnsvariabelen kan vere i forskingsarbeid. Han hinta om at det norske historiefaget kan hende heller ikkje har vore heilt oppdatert på tematikken. Derimot vart det klart av presentasjonen at profesjonsforskinga vår likevel kan ha mykje å lære av historiefaget. Med "omgrepshistorie" som ramme, vart tilhøyrarane introduserte for ein måte å sjå på historiske dokument og utsegner på, som kan avdekkje og fortolke det skiftande politiske engasjementet hos profesjonsaktørar og profesjonsstrategar.
Roger Hestholm, leiar for profesjonsforskinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Sist endra: 18. november 2009 15:47:48