Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for samfunnsfag har hatt samarbeid (Erasmus-avtale) med University of Tartu i Estland over ei lengre tid, og no er også Avdeling for økonomi og språk i ferd med å inngå samarbeid med det estlandske universitetet.
Høgskulelektorane Johannes Idsøe frå Avdeling for økonomi og språk og Svanhildur Gudmundsdottir frå Avdeling for samfunnsfag (ASF), samt internasjonal koordinator ved ASF, Sandra Opheim, har nyleg vore i Estland i samband med fornying av Erasmus-avtalen med University of Tartu. Professor of Accounting og dekan ved Institute of Finance and Accounting Toomas Haldma, var positiv til ei utviding av avtalen, og dette vil ein arbeide vidare med.
Svanhildur Gudmundsdottir heldt ei førelesning om utviklinga av sosialt arbeid i Noreg for masterstudentar i sosialt arbeid. Dette var Gudmundsdottir sitt tredje Erasmus-opphald i Tartu.
Lektor Reeli Sirotkina frå Tartu er invitert som gjesteførelesar til HSF til hausten. Sirotkina held på med doktorgrad i sosialt arbeid, tema eldreomsorg i Estland.
Universitetet i Tartu har ei lang og ærverdig historie. Universitetet vart grunnlagt allereie i 1632. I dag har universitetet om lag 20 000 studentar. Av desse er over 500 internasjonale studentar som vert teke i mot av dei internasjonal koordinatorane Jaanika Haljasmäe og Merli Tamtik.
|
|
|
Sist endra: 21. mai 2007 12:23:45