For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Flott ny bok av Rasmus Sunde

Bilde av Rasmus Sunde
Rasmus Sunde med den nye boka si

150 personar møtte til lanseringa av Sunde si nye bok Amerikabrev 1880-1950 - Livssoga til to brør frå Romsdal.

Boksleppet fann stad i Fræna 12. november. Blant dei frammøtte var også Jane Rasmussen frå USA. Ho og mannen hadde reist eins ærend til Noreg for å delta i lanseringa av boka som handlar om brevvekslinga mellom oldefaren hennar og broren hans. Brevvekslinga mellom Knut som var småbrukar, fiskar og småbrukar i Fræna, og Lars, ein vellukka farmar i Sør-Dakota, varte i nesten 70 år. Boka byggjer på om lag 200 brev som er skrive over fleire tiår, noko som har gitt eit unikt kjeldemateriale, seier Sunde.

Boka er rikt og smakfullt illustrert, og den er mykje meir enn ei samling brev. I tillegg til at lesaren kan følgje familiane til Knut og Lars over tid, er det heile ramma inn med generelle tekstar om mellom anna utvandringa frå Noreg og årsaker til denne, krig, krisetider og depresjon. Dette gjer boka aktuell å lese også for dei som har interesse for emigrasjonshistorie generelt.


Sist endra: 17. november 2009 12:12:04