For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Essaypresentasjonar Vestnorsk Nettverk - Forskarutdanninga

Måndag 24. november skal tre kandidatar ved HSF, to frå ALI og ein frå ASF, presentere og forsvare sine essays i vitskapsteori og etikk i Forskarutdanninga, Vestnorsk Netttverk. Dette skjer på klasserom 6, ALI.

Programmet for dagen er som følgjer:

09:00-11:00 Hilde Hofslundsengen, ALI, presenterer sitt essay. Intern opponent: Olav Mjaatvedt, ASF

11:00-11:45: Lunsj

11:50-13:50 Tone Jørgensen, ASF, presenterer sitt essay. Intern opponent: Øyvind Glosvik, AØR

14:00-16:00 Ann Karin Sandal, ALI, presenterer sitt essay. Intern opponent: Roger Hestholm, ASF

Professor Torjus Midtgarden, SVT/UiB er faglærar og opponent for alle essaya.

Du finn essaya ved å trykkje på lenkjene nedanfor:

Hilde Hofslundsengen: Sosialkonstruktivistiske perspektiver på flerkulturelle elever.

Tone Jørgensen: I kva grad styrer institusjonelle reglar profesjonsutøving? Ei språkfilosofisk analyse av regelbruk og skjøn i barnevernet.

Ann Karin Sandal: Vurderingsdilemma i Kunnskapsløftet 2006 - møte mellom vurderingsteori og utfordringar i pedagogisk praksis.Presentasjonar og diskusjonar er opne for alle. Det vert sett pris på om kollegaer, fagfeller, venner mm tek seg tid til å vere med på dette. Ofte er dette ei kjekk stund, og ein liten kveik i kvardagen. Klasserom 6 er rett innanfor inngangen til Avdeling for lærarutdanning.


Sist endra: 02. desember 2008 13:57:34