Fagtilsette på avdelinga har tilbod om å delta i tre ulike forum der ein skal diskutere aktuelle problemstillingar knytt til undervisning. Målet er at studentane til einkvar tid skal få god undervisning av høg kvalitet. For å nå dette målet legg vi til rette for at dei tilsette skal få diskutere og utvikle sin undervisningskompetanse innanfor områda pedagogikk, digital kompetanse og forsking.
Forum for pedagogiske diskusjonar, erfaringsdeling og utviklingsarbeid
Forumet har fokus på undervisningsrolla og ulike undervisningsteknikkar, samtidig som ein ønskjer å utveksle gode døme og gi fagtilsette pedagogisk påfyll. Det skal vere eit spesielt fokus på nytilsette utan undervisningserfaring, målet er å gjere dei tryggare på sin rolle som forelesar og stimulere interessa for høgskulepedagogikk.
Forum for E-læring og digital kompetanse
Forumet har fokus på utvikling av faglærars digitale kompetanse og informere om nye moglegheiter. Høgskulen har ei eiga nettside om E-læring.
Forum for forskings- og utviklingsarbeid
Forumet har fokus på stimulere til forskingsaktivitet og bidra til forskingsbasert undervisning.
Sist endra: 18. november 2008 19:55:26