Ved Avdeling for økonomi, leiiing og eriseliv blir det drive aktivt forskings- og utviklingsarbeid på ei rekke fagområde. Nedanfor finn du meir informasjon om kva som går for seg på dei ulike fagfelta. Ved å klikke på lenkene for kvart fagfelt kan du finne fram til informasjon om enkeltprosjekt.
Organisasjon og leiing, med særleg vekt på helse- og velferdsleiing og nye styrings- og leiingsformer i offentleg sektor. Forskingsleiar er professor Oddbjørn Bukve.
Entreprenørskap og regional utvikling, med vekt på studiar av vilkåra for entreprenørskap og innovasjon i bedrifter, lokalsamfunn og regionar, dessutan regional omstilling. Forskingsleiar er professor Oddbjørn Bukve.
Turisme og reiseliv, med vekt på utvikling av nye reiselivsprodukt, strategisk planlegging og kompetanseheving i reiselivsnæringa. HSF har etablert eit forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv i samarbeid med Vestlandsforsking. Felles forskingsleiar er Dr. Stefan Gössling.
Økonomi og marknadsføring, med fokus på marknadsanalysar og effektar av merkevarepersonlegdom, reguleringar av gassektoren og internasjonalisering.
Informasjonsbehandling, med fokus på e-læring, e-forvaltning, offentlege nettportalar, digital kompetanse, utvikling av digitale læringsressursar og elektroniske samarbeids- og læringssystem. Forskingsleiar er førsteamanuensis Grete Netteland.
Engelsk, med ansvar for utviklingsnettverk for engelsklærarar.
Største prosjektet innan helse- og velferdsleiing er det strategiske høgskuleprosjektet "Lokal velferdsleiing i system under press" (LVL). LVL går i perioden 2007-2010 og er samfinansiert av Noregs forskningsråd og HSF, med ei total ramme på rundt 10 millionar kroner. Rundt 10 forskarar ved fleire HSF-avdelingar er knytte til prosjektet, som ma omfattar eit post doc-prosjekt og to doktorgrader. I tilknyting til LVL gjennomfører avdelinga fleire delprosjekt med tema som lærande leiing, organisering av kliniske mikrosystem, velferdsforvaltninga i omstilling, organisasjonsidentitet i helseorganisasjonar og profesjonar si læring og kunnskapsopparbeiding. Du kan lese meir om LVL-prosjektet her.
Innan nye styrings- og leiingsformer arbeider vi for tida mest med endringane i regional forvaltning. I eit doktorgradsprosjekt ser vi på leiarskap i regionale endringsprosessar, i eit anna prosjekt er emnet utviklinga av nye regionar i Norden.
Vi ser også på leiing i multikulturelle kontekstar, i eit prosjekt der vi studerer norske bedrifter i Kina.
Strategisk høgskuleprosjekt: "Lokal velferdsleiing i system under press", eit NFR-prosjekt under Strategisk Høgskuleprogram. Litt meir om prosjektet finn du her.
» Dr. gradsprosjekt: Handlingrom og læringsmuleghetar i tenesteytande einingar på grasrotplan
» Dr. gradsprosjekt: Mellomnivået i endring.
New Nordic Regions
Kommunal organisering og styring
Doing Business in China
Evaluering av næringsutviklingsarbeidet i omstillingskommunane i Sogn og Fjordane
Dr. gradsprosjekt: Entreprenørskap i Hydroland
MLG (Oddbjørn)
Reiselivsanalyse
Seljeprosjektet
Bygdeturisme
Cruiseanalyse
Forprosjekt ARENA
» Dr. gradsprosjekt: Effektar av merkepersonlighet
Evaluering av Expo Sogn og Fjordane
» Dr.gradsprosjekt: E-learning for Change in a Large Organization - identifying problems and opportunities in the implementation of e-learning
» Nynorske digitale læringsressursar - i samarbeid med Nynorsksenteret og Norgesuniversitetet
» Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane - i samarbeid med Fylkesmannen, Fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane
» Strategi for Norge.no / Mi side - på oppdrag frå DIFI
Nasjonal nettverkskoordinator i engelsk
The Role of Norn
Sist endra: 21. februar 2009 14:41:46