For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Styringsdialog – styring eller dialog?

Oddbjørn Bukve stiller dette spørsmålet i ein artikkel i Norsk Statsvitenskapelig tidsskrift nr. 1/2009.

Der drøftar han vilkåra for dialogbaserte samordningsformer som konsultasjonsordningar, kontaktmøte og samarbeidsforum i hopehavet mellom staten og kommunesektoren.

Kommunaldepartementet har nyleg slått fast som eit overordna prinsipp for statens styring av kommunesektoren at den i størst mogleg grad bør pregast av dialog og rettleiing framfor absolutte pålegg og krav.

Bukve presenterer ein typologi over ulike politikkformål som skal ivaretakast i samhandlinga mellom stat og kommunar. Dei krev derfor ulike styringsmekanismar, og rommet for dialogbaserte styringsformer er ikkje det same i alle situasjonar og kontekstar. Såleis er styringsdialogar og samhandlingsbaserte styringsformer ikkje noko universalmiddel som kan gjere tilhøvet mellom staten og kommunesektoren likeverdig uansett kva slags innhald politikken har.

Når det er standardiseringspolitikk som skal gjennomførast, er rommet for dialog relativt lite. Rommet for samspel og dialog er størst når det skal gjennomførast tiltak der aktørane har reell autonomi og sjølvstendige maktbasar, samstundes som dei er avhengige av kvarandre for å realisere politikken. Dersom det er eit sjølvstendig mål å basere seg på dialog og samarbeid som styringsmiddel, må ein også organisere hopehavet mellom staten og kommunesektoren slik at symmetrien mellom aktørane vert større.

Færre område kunne standardiserast, og kommunesektoren måtte ha ein ressursbase gjennom sjølvstendig skattleggingsrett. Men dette kan kollidere med ideala om utjamning, likskap og likebehandling, og nettopp derfor finst det ingen enkel resept på å styrke dialog overalt.

Mykje av samhandlinga mellom forvaltningsnivåa går føre seg i skuggen av hierarkiet, og for mange former for offentleg politikk er dette eit vilkår.


Sist endra: 30. mars 2009 22:18:27