For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Øk.adm. studium trekkjer studentar

Omtrent på dagen 24 år etter at dekan Leif Longvanes sjølv kom med flyttelass til Sogndal, ønskte han, med handhelsing på kvar einskild, nye studentane på AØR velkomne til studiestart.

Longvanes la vekt på at studia ved avdelinga mellom anna er aktuelle i høve til dei store spørsmåla i verda, slik som finanskrisa og globalisering. Spesielt trekte Longvanes fram at reiselivsnæringa og eigedomsmarknaden fekk store utfordringar og studia i reiseliv og eigedomsmekling er direkte påverka av dette. Resten av talen til Longvanes dreia seg om høgskulen sin målsetning om å ha landets mest fornøgde studentar og verdigrunnlaget: kompetent, aktiv og nær. Longvanes la vekt på at det verdigrunnlaget føreset ein relasjon mellom fagtilsette og studentar, der resultatet kun kan bli bra om båe partar gjer sitt beste og slik gjev innhald til dei tre omgrepa.


Sist endra: 26. august 2010 13:59:24