For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Nye fagtilsette på AØR denne hausten

Bilde av tre nytilsette på AØR
Toril Partenyi, Nina Strømskag og Miroslav Wiacek

AØR har fått tre nye fagtilsette denne hausten. Toril Partenyi tek til i stilling som høgskulelektor innan bedriftsøkonomiske fag. Nina Strømskag og Miroslav Wiacek er begge nye på engelskseksjonen etter at avdelinga har fått nye oppgåver innan Kunnskapsløftet og desentral lærarutdanning.

Toril Partenyi kjem frå stillinga som økonomileiar i HSF. Ho tek over stillinga etter Helge Svendsen. Ho skal undervise i dei grunnleggjande bedriftsøkonomiske faga.

Nina Strømskag kjem frå stilling som ungdomsskulelærar på Frei. Ho skal undervise lærarar som tek etterutdanning i engelsk i regi av Kunnskapsløftet.

Miroslav Wiacek kjem frå Bergen Katedralskule der han har vore lektor, han har og vore tilsett ved Høgskulen i Finnmark. Han skal i hovudsak vere knytt til desentral lærarutdanning på Sandane.


Sist endra: 28. august 2009 15:08:06